Kva dokumentarfilmar har til felles
Dokumentarfilm-sjangeren har absolutt fått ei solid blomstringstid dei siste åra. Som eit slagkraftig redskap i kampen for politiske og sosiale endringar fungerar den særleg overbevisande. Kombinasjonen av stor-politikk og humor har vist seg å gjere sjangeren "tilgjengeleg" og "folkeleg" for mange av oss, noko som absolutt ikkje er negativt. Alt som kan vere med på å fremje sjølv det minste snev av politisk bevisstheit og engasjement, bør oppmuntrast uavhengig om du er einig eller ueinig i bodskapet dokumentaren fremjar. For politikk kan utvilsomt vere ei kjedelig smørje av påstander og kontradiksjonar som ofte stampar i ei abstrakt hengemyr, der du til sjuande og sist tek form av ein passiv og uengasjert "kjernevelgar". Derfor er det viktig at personar innanfor filmmiljøet tek i bruk slik ein "manipulativ" og populær sjanger som dokumentaren på alle måter er, for å rive deg ut av dvalelivet. Før du hopper arg opp av sofaen på grunn av ordet manipulativ her, er det viktig å påpeike at alle kunstartar i bunn og grunn er manipulative, og at det ikkje må sidestillast med kritikkverdige formar av løgn og humbug.
Med manipulativ meinast først og fremst forføring, dvs ein måte å styre/kontrollere vår merksemd mot element som er viktige for skaparen av verket. Ingen kunstverk kjem utan ein opprinneleg idè, og det er opp til deg og meg å søke denne i verket. Klarer derimot ikkje filmen, boka eller maleriet å gripe oss, er det ikkje nødvendigvis publikum sin feil, men sjølve kunstverket som ikkje klarer å manipulere oss i ønska retning. Og dette skjer relativt ofte. Mange filmar klarer å samle større grupper av personar kring den opprinnelege idèen, utan at det derimot er sagt at vurderinga av idèen verkar like samlande. Disputt rundt kontroversielle temaer vil alltid eksistere, noko som eg meinar er eit sunnheitsteikn. Skal vi utvikle oss, både som sjølvstendige individ og som medlemmar av ein større einheit (familien, nasjonen, verden - abstrakte begrep, i know), er kontrovers ofte medvirkande til at vi sett spørsmålsteikn ved våre etablerte "sanningar", våre handlingar og meir generelt vårt totale verdsbilete. Uavhengig om dette kan vere med på å skape sterkare skiljer mellom folk, er det dog betre at desse skiljelinjene kjem fram i lyset i staden for å ligge gjøymt under overflata. Ergo står vi alle friare til å forme meiningar, innta posisjonar og la vår stemme bli høyrt i større eller mindre samlingar.
Filmar generelt og politiske dokumentarfilmar spesielt kan vere med på å fremje ein slik kontrovers, og i løpet av den siste tida har blant anna filmskaperar som Michael Moore (Bowling for Columbine,Fahrenheit 9/11), Morgan Spurlock (Super Size Me), Robert Greenwald (Outfoxed -Rupert Murdoch's War on Journalism) gjort sitt for å forandre vårt syn på våpenkontroll, sittande presidentar, luguber hurtigmat og medie-etikk. Når Michael Wilson kjem med den påfølgande dokumentaren Michael Moore Hates America, ein "parodi" på filmstilen Michael Moore benyttar, søker han å redusere kredibiliteten til ein filmskapar som har tjent seg rik på å kritisere. Når dokumentaren "Swiftboat - veterans for truth" (eller noko sånn) kjem i forkant av det amerikanske presidentvalget, er det eit forsøk på å styre velgarane til å stemme republikansk. Felles for alle filmane er at dei søker å påvirke oss, og tek i bruk manipulative verkemiddel for å oppnå dette. Desse dokumentarane opptrer ofte under påskudd av å vere autentiske, dvs "den fulle og heile sanning" noko som så klart er grunnleggande feil. Ingen kunstverk kan avbilde røyndommen slik den er, derimot kan dei vere ein tolkning/vurdering av enkelte aspekt ved den. Lite revolusjonerande tanke. Sjølv om ein ikkje skal vere mistruande til alt som blir portretert (på langt nær), vil bevisstheit kring den politiske dokumentaren som ein unikt manipulerande sjanger, vere ein styrke for alle som søker å ta politiske avgjerdsler.
Men ofte er det vel sånn at ein velg å sjå dokumentar-filmar som underbygger eit opprinneleg standpunkt. Blir eg skulda for framstå som ein konservativ høgre-biatch (sic) her, er det fryktelig tåpelig og fullstendig feil.
<< Home |