<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/plusone.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d-2418937646033322685', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe" }); } }); </script>

Friday, June 13, 2008

Har desken drukke?



Eller har Frp-Røssland havna på kjøret? Ikkje godt å vite.

Wednesday, June 11, 2008

Kveldsteater

Mandag tok eg, Linn og sakkebass banen opp på Fløyfjellet for å overvære litt out-door-action teater i styggværet. Forestillinga var Three kinds of fire der forfattar og skodis Ingvill Skjold Thorkildsen på eigen hånd dramatiserer paralelle historier som foregår under den store bybrannen i Bergen i 1916.

Uheldig nok kom stykket til å bli i overkant aktualisert gjennom det som skjedde tidlegare på ettermiddagen, men det var nok neppe det som var grunnen til at ikkje hordene av teaterfans eller nederlandske turistar kom turande.

Oppmøtet på premieredagen var då også ...ehh... heller skralt og løfter du ei hand framfor augo kan du telle antall besøkande om du beveg deg frå tommel til lillefing. At markedsføringa i forkant av stykket altså ikkje var god nok skjønner vel alle, men stykket i seg sjølv var såpass bra at det hadde fortjent større oppmøte. Kanskje er eg i overkant begeistra for konfliktfylte familiedrama med enkel scenedekor og dirrande dramatikk (aaaah...gje meg mi dose Harold Pinter), men det spørgast om ikkje fleire også ville hatt interesse for Three kinds of Fire. Om dei berre visste at det eksisterte.

Så rull deg inn i varme klær og nyt eit stykke kveldsteater på Fløyen. For dramatisk effekt velger du gjerne ein stemningsrik gråværsdag med smoggete og hutrande omgjevnader. Thorkildsen står jo uansett der oppe kvar mandag til fredag til og med 4.juli, og det hadde vert synd om det kun var skogsdyra som skulle nyte godt av slik eit godt stykke bergensk kulturhistorie.

Thursday, May 22, 2008

Rip It Up-festivalen: 18-19 Juli

Trivst du som ein frodig frosk i det öppna landskap? Er det sofistikert obskur indiepop du fyrer av når du skal gasse ørene med sus? Booka billett til den svenske pop-festivalen Rip It Up da vel. Den minimale festivalen som for andre året blir avholdt i Värmlandsbro, ei mil utanfor Sâffle, har igjen hosta opp eit smalt, men delikat program. The Clientele, Another Sunny Day, Pipas, Days, The Tidy Ups, The Dreamers, Cocoanut Groove og The Honeydrips er blant dei gromme bandan som allereie har meldt sin ankomst denne helga i juli. Og det beste av alt er at dette kan bli ditt for skarve 280 kroner! Hørte vi gitt vekk?

Slik lyd det når Days tråkker seg opp i skauen:

Wednesday, May 21, 2008

Brevet

Vel, det er på tide med eit aldri så lite comeback her for å lede merksemda mot ein enormt gripande, sår og vakker artikkel som stod på trykk i Aftenposten rett etter påske.

I den posthumt publiserte kronikken En tale fra graven skreiv ein kreftramma eldre herremann ned sine funderingar kring livets kår etter å fått sin eigen dødsårsak opplest av legen. Kroppen min skalv og tårene prøvde på foræderisk sett å lure seg fram når eg leste tankane til det som verka som eit raust og særs reflektert menneske. Ja det er klart det kan verke klisjerikelig, gamalmodig og litterært og filmatisk på ein veldig Paulo Coelho eller Almodóvar-typisk måte - dette med å sette pris på dei gode studene og velsigne det levde liv (i den religiøse, eller min favoritt; den bibel-likgyldige versjonen) og innsjå at din misjon på kloden er nokolunde fullført, men det einaste eg er ganske sikker på er det ikkje er tanketomt svada. Og uansett kva tankar ein har gjort seg om aktiv dødshjelp trur eg ingen kan ha vondt av å lese denne

Sånn, der var det unnagjort. La oss kjøre oss opp på noka søpplenews.

Wednesday, April 26, 2006

Linkemosaikk

Som illustrert under den heller dårlige snutten Angstblogging, kan for mange halvtenkte idear innabords gjere ein stakkars sau i sepia motlaus. Det har blitt for mange oppsamla linkar med andre ord. Linkar som skulle danne utgangspunkt for nye bloggpostar, men som derimot har støva bort i det altslukande folder-beistet katalogisert som "Tja, er dette gøy? (eventuelle bloggeting i framtida)". Unødvendig å seie; lista har blitt så altfor lang og frykten for å opne denne mappa igjen desto større.

Men i går oppsøkte eg denne Belzebubs svartsvidde port, vrei om nøkkelen og lot alskens uhygge flomme over meg i ein potpurri av fyrrige kunstprosjekt, latterlege videoparodiar, gatesmart hiphop, italiensk adbusting og ein krøllete venstreorientert professor attåt. Om du er interessert i dette oppsparte vrakgodset skal det fungere å trykke på eit valgfritt miniatyrbilde for så å bli transportert vidare til ein større versjon.



Monday, April 24, 2006

Elementært Dr. Watson

360








Har du ein korpulent doktor som venn og biograf? Gir ord som deduksjon og
logisk forklaring deg kriblande gåshud? Har du drøye uvaner som inkluderar både pipetobakk, opium og heroin? Har du ein nemesis som du både beundrar og avskyr?
Snusar du rundt i skap og skuffer på jakt etter blodige tøystykker? Har du ein tørr britisk humor som brukast på bekostning av dine intellektuelt underlegne kompanjonger? Da går du vel med ein liten Sherlock Holmes i magen også? I så tilfelle er kanskje mordmysteriet/teambuildings-leiken Auksjonen tingen for deg.

Den gretne Baronessen Gretel af Munch har på mistenkelig vis gått hedens veg og verken du eller di snobbete forsamling står utanfor mistanke. Klarer du å avsløre mordaren vil heder og ære drysse som partiklar av flass nedover jakkekragen og den ukjente premien vil være din for evig.

(Det blir teke forbehold om at dette konseptet kanskje er betre på idè-planet enn i praksis, men javisst høyrest det gøyalt ut. Som ein slags live-versjon av Agatha Christie-baserte spelet And Then There Were None. Bowling på neste firmafest? Nei, huff så passé, gje meg heller den bloddryppande mordgåta)

Thursday, April 06, 2006

Bestemors påskepåst

mormorGul høgtid betyr egg, nøtter, skitur i nordmarka og for nokon ein liten injeksjon med bibelfakta. Det betyr også ein reunion med den næraste slekta for alle oss som har stått og huta med neven mot bygda vår medan vi ropte av all makt; "adjø loosers, aldri skal eg komme tilbake hit, svenskjævlar". Men med halen mellom beina og desperate ynsker om å bli utsatt for ufattelige mengder kos, trekk vi alltid tilbake til heimstaden når høgtidene nærmar seg. Det er på tide å treffe igjen den eldre delen av la familia, noko som aldri fortonar seg utan eit visst snev av Larry Davidsk komikk.

For det kan sanneleg være pussig å møte igjen besteforeldre etter nokre månedar med fråvær. Då skal status gjerast opp. Krumkaker, Lux-brus og utgått konfekt skal settast på bordet, bølgene av det lokale dansebandet skal strøyme ut av radioen og gamle røvarhistorier skal fortellast for n'te gang. Auraen av langsom tid skal fylle den marmordraperte stua medan den yngre garde slår seg ned i stresslessen klar til å bli underholdt på eit noko unikt vis. At alder skal kunne ha ei viss innverknad på våre verdsanskuelsar er sjølvsagt. Besteforeldre kan med beundringsverdig uthaldenheit snøvle fram historier om raggsokkar, lysekroner og billige knekkebrød på Rimi; tema det er greit å jatte med på for ei kortare periode men helst ikkje lenger enn nødvendig. Barnebarna kan med ungdommlig arroganse smatte fram avhandlingar om bluetooth, Rammstein og pornografisk reality-tv; tema som står fjernt frå den kvardagen besteforeldrene kjenner til.

Når eg skal på besøk til mi mormor er det viktig å være relativt tom i magen. Allereie før skoa har blitt knytt opp er mengder av frukt, kaker og brus henta fram frå eit skjult lager og pent stillt opp på bordet. Takker ein nei til slik føde merkar ein umiddelbart skuffelsen i ansiktet på den 86 år gamle dama. Uansett om eg kun skulle ta til meg ei appelsin blir kvinnemennesket i strålande humør; det er tydelig at det er sjølve transaksjonen som er viktig, ikkje summen av den. "Og alt står bra til i Bergen", seier ho spakt, ikkje som eit spørsmål men heller som ei konstatering. "Joda, eg svever på ei lykkesky" seier eg tilfeldig, vel vitande om at eg aldri i livet vil kunne bruke mormor som psykolog. Samtalen svermar deretter inn på meir "avanserte" greier når eg for eksempel fortel at det er mogleg å sende bilder over internettet; "Åååhh (hyler ho i ei blanding av eufori/vanvidd), denne teknologien altså. Når eg var lita jente på gården hadde vi ingenting og no kan ein jaggu programmere dataen til alt".

Med denne teknologiske konklusjonen framlagt og vedteken går vi over til eit mindre komfortabelt tema; Ovasjoner av eit knippe slektningar, tilfeldigvis på min alder, som verkelig har "komt seg fram i livet". Det er historiane om familiestifting, toppjobbar, politiske karrierer og alternative feriar til Malaysia som får meg til å sitte der og tygge på den tørre kanelbollen medan eg undrar på kva eg gjorde i forrige veke. Plutselig dukker tanter og onklar av meg opp med små krabatar på slep, noko som får mormor til å rope ut: "Gå og leik med Marve alle sammen". Ho festar dådyraugene på meg, sett opp sitt største smil og vinker på tantene med følgande utsagn: "Kom alle sammen og sjå guten med barnetekke". Og i løpet av eit par sekund står eg der på utstilling framfor ein gjeng smilande klovnar med videokamera framme og prøver etter beste evne å leike så "autentisk" som mulig.

Men ein klarer aldri vere heilt ærlig under observasjon. Ta f.eks banning. Banning er noko ein aldri gjer innanfor mormors fire veggar. Unge Stavelin påpeikte nylig at han gjerne "arresterer" sin bannande fetter i den hensikt å score eit par lettjente gullgutt-poeng med bestemora. Men så snart han er ute av Risør-huset bannar han verre enn den skitnaste sjøulk. Priceless. På samme måten sparer ein gjerne dei mest rølpete og vulgære historiene til seinare treffingar med kompisar eller venninner, det passar seg liksom ikkje i slike selskap. Den obligatoriske praten i mormor sitt selskap går heller om avvæpnande tema som vind, vær og mat. Og bra er vel det.

Eit besøk med besteforeldre skal vere som å tråkke inn i ei anna tidsone der du mottek den korrekte mengda skryt, sjokolade og merksemd du sårt fortjenar. Besøket kan oppfattast som ei kjedeleg plikt der du oppfører deg i utakt med dine naturlege føringar. men samtidig er det noko befriande i det å kunne slenge seg bakover i stresslessen og høre livet bli formulert på langsomt vis av ein 80 år gammal hingst eller hoppe. Ta vare på dine besteforeldre er årets human-etiske påskeråd.

Dette innlegget står i gjeld til ei superb historie ("pliktbesøk") forfatta på den avdøde bloggen Inkognito rundt omkring 31 Oktober i fjor. Dessverre har den posten gått hedens veg og forsvunnet frå nettet og sjølv eit forsøk i waybackmachine-søk i Internet Archive førte ikkje fram. Eit par humoristiske linjer frå den posten klarte eg likevel å spore opp og desse fanger vel essensen i innlegget på ein meget fin måte.

Bestefar står smilende klar med håndtrykket som jeg vet inneholder en hundrelapp og ønsker lykke til med alle mine planer og fremtidstanker. Samtalen løper over de samme historiene fra min barndom, sklir inn på sommerens meteorologiske forhold og avsluttes med highlights fra slektas sykdomssituasjon (Inkognito)

Tuesday, March 07, 2006

Xbox 360 med kvinnekamp

360Ein mail har blitt sendt rundt til alle studentar på Infomedia. Den er frå Microsoft og oppfordrar alle jenter i Bergen til å bruke ein del av kvinnedagen på Zachariasbryggen. På bryggen vil det i anleiing dagen bli holdt eit Xbox360-arrangement (Xbox on Wheels) der tjeiorna skal få lov til vise kva dei er gode for i bilspelet Project Gotham Racing 3. Den flinkaste jenta vil stikke av med ein flunkande ny Xbox 360. Gutter og menn som ynskjer det kan bli med på arrangementet, men får på ingen måte lov til å delta i sjølve konkurransen. På denne måten ønsker Microsoft å ta denne internasjonale kampdagen på alvor. Give the ladies some presanger, med andre ord.

Enkelte kan derimot hevde at dette luktar av simpel markedsføring med kvinnedagen som eit passande alibi. Eg ser ikkje korleis endå eit arrangement som delar menn og kvinner inn i ulike konkurranseklasser handlar om å ta dagen på alvor. Bør ikkje kvinnedagen handle om å redusere ulikskapen mellom kjønna heller enn å vidareføre dei? Og ikkje minst; Impliserar ikkje dette arrangementet at menn er betre Xbox-spelarar enn kvinner? Kjør debatt eller la være.

Saturday, March 04, 2006

Meir kuriosa: The Simpsons rekonstruert

Snubla over ein stilig Simpsons-intro der teikningane er bytta ut med ekte personar og omgivnader. Introen er komponert av dei faste Simpsons-folka og vil nok bli nytta i ei framtidig episode av serien.

Wednesday, March 01, 2006

Battlefield Bunny Bounce med José Gonzáles

bouncybattle














For ikkje lenge sidan gikk reklame-partyet Gullfisken på TV2. Hurra, Hurra. La oss hedre våre irritasjonsmoment. Tanken på at tv-sjårar rundt omkring i Norge skal bruke sms-kroner på å stemme fram "årets beste reklame" er på kanten surrealistisk. I alle fall dumt. Snakk om få lov til å piske sin eigen rygg. For kva er eigentleg fint med tv-reklamer? Dei kan sikkert vere morosame, kinky og sosiale, men i bunn og grunn er dei eit onde som flesteparten vil ha seg fråbedt. Bortsett frå på kino tydeligvis der terskelen for kollektiv humring er særdeles lav.

Men det finnast likevel reklamer som er så flotte at misnøyen forsvinn på eit blunk. Den velkjente Sony-reklama som viser ein haug med fargerike sprettballar hagle nedover San Franciscos bratte bakke er strålande. Sony; send meg fleire slike subliminale meldingar av vakker karakter og kanskje til slutt eg kjøper meg ein av desse flatskjerman. Men når Eplefolk frekt og uhemma kan kjøre kopiar av deilige Postal Service-videoar kan vel andre la seg inspirere av denne vene balleiken. Og lage ein sprettande artig Battlefield 2 reklame-versjon ut av det.

Den opprinnelege Sony-reklama ser du her (trøbbel med Opera) , og den alternative BF2-versjonen her (funker flott med Opera)

Tuesday, February 21, 2006

Når livet passerer ein i revy

cd Arbeidskollega Trond er ute med ein nydeleg WebCam-video frå sitt vindu på danmarksplass. Ambient/elektronika-soundtracket er utruleg passande. Ser ut som moro å bo der ute, men hür går det med all denne eksosen? Videoen fikk meg til å tenke på Åsmund som for ei stund sidan lagde ein liknande sak frå sin (vår) lesesal i Lauritz Meltzers Hus. Flott karer.

Monday, February 20, 2006

Hypnotisk zoomebilde

cd Som liten pjokk hadde eg ein stadig tilbakevendande fantasi. Idèen var å filme meg sjølv medan eg såg meg sjølv bli filma på tv som igjen viste meg sjølv bli filma på ein annan skjerm som igjen viste meg på ein ny tv osv. Eg innbilte meg at dette ville fortone seg som ei liggande egyptisk pyramide; ei pyramide som aldri tok slutt, men som kasta meg evig innover i det hypnotiske djupet av tvens absurde verden som eg aldri ville klare å komme meg ut av. i1277 sendte meg nettopp eit grådig tøft zoome-bilde som på ein måte illustrerar denne naive barndomstanken, og på den andre måten fører den uendeleg masse lenger.

Oh My God, kor eg elsker slike ting som dette.

Wednesday, February 15, 2006

Om folks forhold til musikk

cdI helga var eg og 3-4 kompisar invitert til eit lite musikk-konsept. Planen var demokratisk og fin. Alle dei involverte skulle treffast på platekompaniet og kjøpe to skiver kvar. Etter innkjøpet skulle vi tusle mot vorspielet der absolutt alle platene ville bli spelt av i stein-saks-papir-kronologi. Årsaken til dette konseptet var at ingen bøller skulle få lov til å dominere kvelden gjennom å legge beslag på cdspelaren. Alle skulle få høre den musikken dei ville. Harmonisk, eller? Natta før vorspielet tok til hadde eg eit fælt mareritt. Eg såg for meg ein kakafoni av svensk symfoni-prog, nederlandsk synth-prog og afrikansk worldmusic-prog. Prog, prog og atter prog, eit verdsleg helvete. Var det det som venta meg? Eg slo meg hardt på truten og bestemte meg likevel for å møte opp og respektere alle musikkvalg som blei tatt. Det var tross alt litt av poenget.

Å samle ein bråte menn i alderen 25+ med over gjennomsnittleg musikkinteresse til festlege lag, vil såklart vere ei utfordring. Særleg når det festlege inkluderer plenty med beruselsesdrikk. Det har seg vel slik at alle sosiale klikkar består av dominante brutusar og dominerte stakkarer. Ikkje nødvendigvis dominante som i s&m-forstand, men dominante som i "usedvanleg flink til å prakke si vilje på andre" og dominerte som i "usedvanleg flink til å føye seg etter den dominante". Særleg visar dette seg når spørsmålet om auditiv forlystelse kjem på dagsorden. Sjølv er eg kanskje ein primitiv stakkar med dominante trekk; altså ikkje den som er mest aktiv på å høre min type musikk, men heller ikkje tom for latterlegjerande utsagn når verkeleg møkk rallar i rommet. Men dette varierar som sagt.

Setting: Det er ei ganske rolig forsamling, første pils går ned kanalen, salte chipsflak slenger seg på. Enkelte trommer bittelitt på knær, andre skumleser albumcover:

Første skive svinger:

- (icebreaker med kryptisk melding) voldsomme 80`s beats dette her..
- (lukkelig platekjøper) Ja......Ganske kult dette her.....Det er mi første cefååån-plate
- (arrogant musikkpoliti) apapap!!, navnet er ikkje zefååån, men ceevåån, ceeevåån!!
- (litt skamfull platekjøper)ahh, javel

Første eksempel viste oss den klassiske karakteren musikkpolitiet;
denne elsker å korrigere andre sine feilaktige faktaopplysninger, musikkpolitiet har ein arrogant framtoning og får tilfredstillt sitt ego gjennom å "arrestere" andre.

Andre skive ruller:

- (glory hunter på jakt etter heder) Han var med i Slowdive denne karen.......og Mojave 3....Hørt om desse?
- (interessert kompis) Nei......Men var veldig rolig og behageleg , få coveret takk...
- (glory hunter som smiler) Klart det buddy!!
- (Utålmodig fyr som venter på å høre si skive) Texas Hold-Em anyone, få gryna på bordet..
- (glory hunter redd for at musikken drukner i gambling) Skru musikken eit par hakk opp.

Andre eksempel viste oss dei klassiske karakterane glory hunter og den utålmodige; førstnevnte hater at musikken han sjølv liker blir kommersiell, men vil alltid prøve å få mest mulig folk til å like den. Han er ein siklande sleiping som på irriterande vis festar blikket på andre under musikken for å lokke ut ein positiv reaksjon (desse folka ser på han sjølvsagt med sidesynet). Den utålmodige karakteren blir ikkje knekt av dette trikset og avfeier musikken gjennom å foreslå nye aktivitetar som endrar fokuset i forsamlinga. Glory hunteren og den utålmodige har potensiale til å krangle høglydt om øl-konsumet blir for stort.

Tredje skive danser:

- (leksikonet tidlegare kjent som den utålmodige og musikkpolitiet) Denne skiva er eit landemerke i postpunk/new Wave-historia, uten dette albumet hadde band som
.......aldri oppstått... Den kom ut i 1980, blei godt motatt i Sveits, Belgia, Usa, bla bla bla.........
- (Kollektivet som tar alt for god fisk, men mister interessa undervegs) hhmm, jo, du verden.
- (icebreaker som føler seg forplikta til å kommentere) fin dansemusikk er det
- (leksikonet som føler seg støtt av kommentaren) dansemusikk du, det er ikkje dansemusikk alt som er postpunk!!

Tredje eksempel introduserer karakteren leksikonet; denne ser på seg sjølv som eit oppslagsverk, men forstår at han godt kan slenge ut feilaktige opplysninger for å briljere ovanfor dei andre. Desse andre vil sjelden klare å sjelne fakta frå fiksjon. Leksikonet er ein autoritet med frie tøyler som faktisk les gjennom coverbladet til cdar han kjøper. Stor vinylsamling har han også. Kollektivet er ein passiv gjeng som sjelden sett spørsmålsteikn med autoriteten.

Fjerde skive triller:

- (den brautande adrenalinjunkien) vis oss floppen, treng ein flush så inderlig, skru ned musikken, dette var kjiipt, treng litt power.
- (den høflige) hm, albumet er kun på rundt 30minutt, kanskje vi kunne hørt litt etter?
- (den brautande adrenalinjunkien ignorerar den høflige) FLUUUSH!!! IN ya face!!
- (den høflige skrur ned musikken og snakker med ein annan høfleg) Konseptet er i ferd med å gå av hengslane

Fjerde eksempel er ein trist historie. Her møter vi den høflege karakteren som må føye seg etter ein brautande adrenalinjunkie som fullstendig overkjøyrer musikken med pokerpreik, buldrandre framtoning og spydige kommentarar. Den høflige karakteren tek dette med fatning, men er litt skuffa over manglande respekt for sin eigen musikk.

Femte skive hopper:
- (misjonæren) Zappa er kongen, han er så fantastisk. Hør på dette, hør på dette..........
- (anti-misjonæren) kan du slutte å kommentere kvar einaste gitarsolo?
- (misjonæren) Zappa er kongen, det er ingen andre guder enn Zappa....dum di dam, squeeech
- (anti-misjonæren som misliker Zappa, men som mest av alt misliker misjonering av musikk) avskyelig flinkismusikk dette her. Må vi høre gjennom alle spor på albumet? Få på litt pop
- (misjonæren prøver å endre reglane) Vi må høre cd nummer to også, det er dobbelplate dette, vi må høre alt av Zappa, Zappa er GUD
- (kollektivet) STOPP!!

Femte eksempel introduserar misjonæren og anti-misjonæren; eit tospann som aldri bør delta i slike konsept. Misjonæren forsøker å banke inn musikken i skallen til kollektivet gjennom å synge falskt med, tromme på bordet med hendene, brøle ut at dette er verdens beste musikk, knipse, smatte og hoje. Misjonæren forstår ikkje at ingen får med seg musikken p.g.a alle desse forstyrelsane, eller at folk som anti-misjonæren hater at folk skal fortelje han undervegs kva som er så bra med nettopp denne musikken. Anti-misjonæren vil aldri i livet godta at folk bestemmer kva han skal like. Man bør etter beste evne unngå å invitere misjonæren og anti-misjonæren til slike musikk-konsept.

Sjette skive lyder:

- (den antennelause) Dette er drittmusikk! Få det av.
- (kollektivet) C'est la fucking Vie, reglar er reglar. Alle skal få høre sin musikk.
- (den antennelause nekter å gi seg) Forstår ikkje alle at dette er elendig musikk?
- (det irriterte kollektivet) kom deg bort frå anlegget din snobb,det rabler for deg

Sjette eksempel introduserer karakteren den antennelause og han manglar som navnet tilseier sosial antenne. Han har stor glede av å hetse musikken til både kjente og ukjente og bringer med det ein klam kjensle av ubehag til lokalet. Han har eit verdenssyn med seg sjølv i sentrum og i likheit med misjonæren og musikkpolitiet klassifiserar han gjerne musikk kun i termar som "god" og "dårlig". God er sjølvsagt kun den musikken han likar.

For å hindre juling av marven setter vi stopp der. Ein mengde karakterar har no blitt presentert og katalogisert og sjølv om nokon kanskje vil etterlyse den ironiske bølla som laster ned skrekkeleg dance-musikk blanda med rumensk polka og later som det er behageleg å høre på, er han utelatt fordi han meldte seg fråværande denne kvelden.

Den fullstendige playlista for dette vorspielet var følgande:

Warren Zevon - Bad Luck Streak in Dancing School
Neil Halstead - Sleeping On Roads
Talking Heads - Remain in Light
Randy Newman - 12 Songs
Frank Zappa - Joe`s Garage
Tool - Lateralus
Bob Dylan - Infidels
Loudon Wainwright III - Career Moves (live)
Devendra Banhart - Cripple Crow
Emmylou Harris - Red Dirt Girl
Danko Jones - We Sweat Blood

Monday, January 30, 2006

Angstblogging (kortfilm med musikk)

blogging

















Dette er ein kort bloggharselas om sjalusi, angst og skrivesperre som blei miksa samen under ein svært roleg dag på jobben før jul.
blogger`s angst (40 sekund, 4 mb)

Wednesday, January 25, 2006

Revenge of the reviewer

journalistI vårt granneland Sverige har det det siste halvåret pågått eit finurleg musikkprosjekt som så vakkert har blitt titulert "Jävla kritiker". Ideen bak prosjektet var å la ein rekkje prominente svenske kritikarar anmelde låtar som endå ikkje eksisterte. Deretter skulle desse anmeldelsane overleverast til kjente svenske musikantar som fikk i oppdrag å lage låtar som samsvarte med resepsjonen journalistane hadde gitt desse ikkje-eksisterande låtane. Resultatet av prosjektet er ein samle-cd som i dag blir sluppet i Sverige. Vi kjøper så klart ikkje den, men ønsker du å få med deg alle anmeldelsane og gjerne ein kort lytteprøve klikker du deg inn på: http://www.nons.se/javlakritiker/.

Digresjon: Lettfattelig historie om ein uheldig musikkanmeldar:
Her om dagen leste eg om ein stakkars amerikansk musikkjournalist. Han hadde blitt sendt ut av sin arbeidsgivar for å dekke ein dobbelkonsert på den lokale klubben. "Juhu, her får eg betalt for å drikke øl og høre på musikk, for ein kremjobb dette er", tenkte han nok. Dessverre gikk ikkje alt etter planen. Når journalisten klarte å stavre seg inn i lokalet på kvelden (veldig forsinka) viste det seg at band nummer to allereie var i full gang. I utgangspunktet virka det som ein litt fortvilande situasjon. Men denne journalisten fortvilte ikkje. Med notatblokka i hende og poserande som ein ekte fan spaserte han bort til ein venneflokk og søkte å lirke ut informasjon om konserten han hadde gått glipp av. Og joda, konserten hadde visst vert både "magnificent", "stunning" "raw", "wicked" og "inspiring", men lyden var visst ein smule "loud". Det han derimot ikkje visste var at denne gjengen på klubben utsatte han for ein ond practical joke. Bandet dei roste opp i skyene hadde aldri gått på scena den kvelden p.g.a sjukdom. Dessverre "gløymte" spøkefuglane å fortelle dette til journalisten. Neste dag kunne folket lese om ein konsert som var både "wicked" og "inspiring", men kanskje ein smule "loud". Enden på visa var såklart at journalisten fikk fyken. Med skamfull mine måtte han pakke samen sakene og haste mot ei uviss skjebne.

Thursday, January 05, 2006

Familiefotovideo 1973 - 1991

bildebukettUnder feriar blir skallen ein boblande vulkan av kreative idear. Fanga i Dionysos sine slimete tentaklar er det lett å gå rundt som ein blasert klovn med høgtsvevande ambisjonar som vi veit aldri vil bli realisert. Der har du meg, full av spillopper som aldri settast ut i livet. Men late feriedagar er ikkje alltid så ille. Det kan faktisk hende at eg klarer å kravle meg gjennom ein ørliten del av det som står skribla med store blokkbokstavar i things to do-lista. Nederst på denne lista stod følgande:

Hent fram fotoalbumet og lag ein historisk videocollage akkompagnert av Eric Andersen. Vis at du er kjempeglad i foreldra dine. Tema: Omsorg og glede.
Skamlaus løgn så klart. Konseptet blei nok relativt tilfeldig unnfanga mellom dei blodige kampane, a.k.a julemåltid, som utspelte seg heime hos meg i ferien. Med det evige presset hengande over meg om at det snart var tid for både småkaker, julekaker og ekstra store kaker, satte eg i gang med å fotografere gamle bilder. Scanning er for pyser. Resultatet av denne underlege juleaktiviteten er å finne i linken nedanfor.

Marve fotograferer fotgrafier av seg og sin famile gjennom knappe tjue år m/musikk.avi (berre 30mb)

Wednesday, January 04, 2006

Takk og adjø

cornershopDet er ein morgon for ettertanke her på Nygårdshøyden. Meldingar har tikka inn om at Alléhjørnet, denne deilige og ærverdige nærbutikken som driv bistandshjelp ovanfor studentar uten matpakke, er inne i sin siste månad. Butikken, som i 70 år har blitt styrt med blid hånd av familien Drageset, må av finansielle hensyn ta sine siste åretak i slutten av januar. Alléhjørnet blir etter alt å dømme erstatta av den upersonlege snack-pack-kjeda som egnar seg best for fulle menn og freidige frøkener; med andre ord 7-Eleven. Tanken åleine får eit hav av vemod og gretne tankar til å flomme over meg. Høyden er eit tradisjonsrikt område og nærbutikken er prikken over i-en som gjer det så fornøyeleg å spankulere rundt her. Jaja, kanskje var ikkje dei grønne epla alltid av friskaste sort. Kanskje var bagetten litt tørr og kjedelig eller det generelle utvalet ganske sparsommeleg. Men bak disken kunne ein garantere at der var behjelpelege og yrkestolte menneske som med sitt gode humør ville gjere regnfulle dagar litt betre for oss alle.

Takk til dei ansatte ved Alléhjørnet som alltid har sørga for ein vennleg og god handel. Snille og ordentlige folk som fortjenar det aller beste i framtida.