Revenge of the reviewer

Digresjon: Lettfattelig historie om ein uheldig musikkanmeldar:
Her om dagen leste eg om ein stakkars amerikansk musikkjournalist. Han hadde blitt sendt ut av sin arbeidsgivar for å dekke ein dobbelkonsert på den lokale klubben. "Juhu, her får eg betalt for å drikke øl og høre på musikk, for ein kremjobb dette er", tenkte han nok. Dessverre gikk ikkje alt etter planen. Når journalisten klarte å stavre seg inn i lokalet på kvelden (veldig forsinka) viste det seg at band nummer to allereie var i full gang. I utgangspunktet virka det som ein litt fortvilande situasjon. Men denne journalisten fortvilte ikkje. Med notatblokka i hende og poserande som ein ekte fan spaserte han bort til ein venneflokk og søkte å lirke ut informasjon om konserten han hadde gått glipp av. Og joda, konserten hadde visst vert både "magnificent", "stunning" "raw", "wicked" og "inspiring", men lyden var visst ein smule "loud". Det han derimot ikkje visste var at denne gjengen på klubben utsatte han for ein ond practical joke. Bandet dei roste opp i skyene hadde aldri gått på scena den kvelden p.g.a sjukdom. Dessverre "gløymte" spøkefuglane å fortelle dette til journalisten. Neste dag kunne folket lese om ein konsert som var både "wicked" og "inspiring", men kanskje ein smule "loud". Enden på visa var såklart at journalisten fikk fyken. Med skamfull mine måtte han pakke samen sakene og haste mot ei uviss skjebne.
<< Home |