<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Monday, November 28, 2005

Teikneserie om punk-kultur

nothing nice
Teikneserien Nothing Nice To Say av Mitch Clem blir omtalt som "the world's FIRST online punk comic", og utan at eg kan skryte på meg kunnskap om mange punkete teikneseriar, stemmer sikkert dette. I serien møter vi Blake og Fletcher; to unge menn som gjer narr av punk-musikk, punk-fans og alle kulturelle og subkulturelle aspekt med punken. Ein kultur dei i aller høgste grad deltek i sjølve. At teikneseriekarakterar kjem med kritisk skyts mot andre, utan å sjå at denne kritikken også råkar deira eigen person er ikkje uvanleg (f.eks Frode Øverli med Pondus), men kjelde til stor humor er det likevel. Det anbefalast å ta eit djupdykk i arkivet inne på websida for å bli kjent med desse to underlege folka.

Forøvrig har eg stor sans for teikneseriar som tek utgangspunkt i eit bandmiljø eller på meir generelt plan omhandlar musikk. For musikk er som kjent den mest givande hobbyen ein kan ha i livet. Frå 90-tallet huskar eg særleg godt teikneserien Radio Ronny, som handlar om eit rockabilly-band med artige hårsveisar som prøver å bli rockestjerner, men som i serien framstod som stakkarslege klovnar vi måtte le av. Serien, som det ikkje synast mogleg å finne så mange referanser til på veven, var omlag på nivå med Rex Rudi som går dagleg i VG sin comic-section. Også det ein fin serie.