<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Thursday, September 08, 2005

Med hjartet på rette staden

latter
(aftenposten valgtest)

Som forventa, ytterst gledeleg, og i samsvar med mi førehåndstemming tidlegare i sommar, viser denne rubrikken at det raud-grøne regjeringsalternativet er Marves politiske preferanse (visstnok eit ord kun ein fjerdedel av den norske befolkninga kan forklare) etter årets valg. Merkelig nok prøver KrF å feste korset på buksebeinet og rive meg ned i avgrunnen. Triveleg nok kastar RV ut sigden og inviterar meg til ein svært hyggeleg væpna revolusjon. Kanskje er det alle bordbønnene frå barndommen som får meg til å slynge ut litt sympati i den kristne retninga, medan det er den opprørske trangen til å fantasere om bomber og granatar som får meg til å sjå rødt.

Vær så snill, ikkje la FrP breie seg på tinget og la for Guds skuld ikkje Carl I Hagen bli aktuell som statsminister. Eg har gode kompisar som flyktar landet om så skjer, og gode kompisar er sanneleg ikkje enkelt å få fatt i.