
Om du er på jakt etter musikkvideoar til (
hovudsakeleg) halvkjente, men supertrevlege indie-artistar kan bloggen
Cliptip vere verdt eit klikk. På bloggen vil du finne linkar til fullt ut lovlege videoar, alt samla på eit brett. Enkelte er kun tilgjengelege for streaming, men mange er klargjort for nedlastbar fråtsing. Fyr ned herleg pop-elektronika med
The Postal Service, vennleg power-pop med
The Killers, gatesmart post-punk med
Death From Above 1979, lo-fi visesang med
Hayden og fransk sofistikert eurobeat med
YÉ-YÉ. Alt dette, og meir til er å finne på Cliptip.
Edit: Eit besøk innom den nyst starta musikkvideobloggen Superette er heller ikkje å forakte, sjølv om innhaldet ikkje er så omfattande forløpig.Edit 2: 622 nye videoar er heller ikkje så dumt.
<< Home |