Produktvurdering: Castpost
Castpost er eit snertent gratisverktøy for å publisere audio/video-filer på bloggen din. Forløpig befinn Castpost seg på alpha-stadiet, men det ser ut til å fungere like bra som eit fullverdig produkt. Om du er ein herleg exhibitionist og føler for å laste opp den flaue karaokevideoen frå den berusande bryllupsfesten din, eller om du vil ha det moro med å legge ut ein liten mp3 av diskoparodien du lagde eingong på 80-tallet, ja, då er kanskje Castpost tingen for deg.
Filene du lastar opp i Castpost vil på galant vis bli gjort tilgjengeleg på ein integrert medieavspelar på bloggen din, og lesaren kan ved eit enkelt tastetrykk godte seg gjennom desse utan å bry seg med å opne eksterne avspelingsverktøy. Latskapen lenge leve er ditt nye postulat. Om du gløttar over i venstre marg av bloggen ser du korleis det blir sjåande ut når ein lastar opp ei mp3-fil.
Det er kanskje litt tidleg å anbefale Castpost etter overfladisk leik i 19 minutt, men for å sitere ein av dei sjeldne (og alltid like velkomne) lesarkommentane her på bloggen; "Ethvert system som krever at brukeren må lære noe for å kunne bruke det, er et dårlig system". Utvilsomt ein kommentar satt meget på spissen, men like fullt ein kommentar som eg seier meg godt einig i. Bortsett frå ei velfungerande e-post adresse og ein musefinger klar til action krevar ikkje Castpost stort av brukaren. Det går fint å laste opp filane og BlogThis-funksjonen gjer det enkelt å legge dei vidare ut på bloggen. Riktignok har eg kun prøvd med ein Blogger-blogg, men Movable Type-bloggar skal også vere støtta av Castpost.
Sjølv om det er mest positivt å seie her, er det likevel mogleg å komme med enkelte innvendingar mot Castpost:
* Filene vil naturlegvis stoppe å spele av så snart du trykker deg innpå ei ny side.
* For enkelte er det kanskje plagsomt at (særleg) personlege filer også blir liggande i Castpost-arkivet, til skue for allslags skum på veven. Skum som også kan komme til å legge att kommentarar til dine videoar eller lydfiler. Men når det er sagt vil vel ein som går til det skritt å legge ut slikt materiale på blogg ikkje ta det så ille opp om eit par ekstra ukjente trykker på videoane.
* Du kan maks laste opp 100mb med video og lyd.
Det er ikkje akkurat ein revolusjonerande tjeneste dette (utan å ha særleg oversikt vil eg nok anta at det er dusinvis av slike publiseringsverktøy tilgjengeleg i dag, folk "castar" då også i hytt og pine), men at det ikkje kostar deg ei lusen krone er kanskje litt uvanleg? Ikkje veit eg.
Uansett, Castpost verkar som ein svært trevleg greie det. For den som ynskjer å krydre bloggen sin med videofiler, gi lesaren eit artig soundtrack, og samtidig ikkje har tilgang til server kan Castpost vere eit flott tilskot. Det kan så klart hende at eg har oversett viktige punkt i den laange lista av "terms and conditions" ein må godta for å bruke det (sjelden eg orkar å lese så nøye gjennom slike heller) Men eg tvilar på der står så masse skummelt der.
Terningkast: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
<< Home |