Roskilde - ein spandabel gjennomgang
Tilbake frå Roskilde. Sliten i kroppen etter fest, konsertvandring, usunt kosthald og altfor lang heimreise. Men ingen bitre miner, alt i alt var det ein deilig festival. Egentleg vurderte eg å skrive ein lur post om informasjonssavn under feriar (kanskje i neste post?), men fant ut at eg heller vil gje ein altfor lang nerde-oversikt over alle dei meir eller mindre interessante konsertane eg i meir eller mindre grad fikk med meg på denne festivalen. Eg forventar ikkje at folk orkar å lese gjennom heile lista, men det får heller stå si prøve.
Datarock: God konsert av dette elektro-rock bandet frå Bergen. Stemninga var god, publikum responderte bra og dei raude joggedressane var festlege. Det må vere stort for personar som har hengt på Roskilde dei siste ti åra å få lov til å spele der sjølve.
Flogging Molly: Irsk folkpunk som framstod som ein blanding av The Ramones og The Pogues. Ganske triveleg egentlig. Godt mulig dette er eit band det kan vere verdt å sjekke ut vidare.
Timbuktu: Ganske kjedelig HipHop-konsert. Timbuktu har en del gode ting på lager, særleg når han leflar med reggae og når han er knallhard politisk i sangen Et Brev, men konserten var ikkje så veldig interessant.
Sonic Youth: Briljant show av eit av verdas viktigaste band. Draumande, støyande, bråkete, variert og med ein Thurston Moore som bokstaveleg talt hadde sex med sin gitar. Orgasmisk altså. Sjølv er eg av typen som liker plenty av det Sonic Youth har komt ut med, men som aldri har gått til det skritt å skaffe meg platene. Får gjere noko med det.
Velvet Revolver: Uinspirerande vås frå eit band eg på forhånd visste ikkje ville falle i smak. Eg har heller aldri likt Guns n`Roses noko særleg så det hjelp lite å tilby meg ein light-versjon. Musikk til å bli gretten av.
Kent: Grei gjennomføring av desse melankolske og værbitte tonene. Kent kan nok treffe ein og annan nerve, men det er lenge sidan denne svenske gruppa kom ut med gode låter.
Mastodon: Dagens store overrasking. Sint, høglydt heavy metal er vel ikkje akkurat min tekopp, men Mastodon leverte eit fabelaktig show som fikk meg til å hoppe i taket. Dette var gode greier; intelligent og intrikat, melodisk fengande og energisk medrivande. Bandet har tidlegare varma opp for Slipknot og Slayer, men overgår fullstendig desse under denne konserten.
The Ponys: Chicago-gruppe som miksar post-punk og småhard blues med 60`s rock`n roll og svevande psykedelia. Eg huskar relativt lite av denne konserten, altfor tidleg på dagen antakelegvis.
Mahala Rai Banda: Eit av dei ukjente banda eg såg mest fram til. Eg håpte på trist, humpete og gråtkvalt sigøyner-punk gjerne med litt Tom Waits-feeling, men fikk ein sprudlande, livat, baltisk delirisk dans som blei i meste laget for meg. Fantastisk velspelt, men ikkje heilt mi greie.
The Haunted: Hysterisk høg trash-døds-metal frå svenske The Haunted. Bandet klarte likevel ikkje å fremje den store entuasmen og frontfiguren hetsa oss alle: "jævla, forbanna skitbaggar" (eller noko slikt). Vi gjeispa mildt og tok fornærmelsen med godt humør.
The Be Good Tanyas: Endeleg kom eit av mine favorittband. Med sine nydelege folk og country-viser fikk den kvinnelege Vancouver trioen oss til å stivne i hypnotisk apati. Perler som The Littlest Birds, Broken Telephone + Neil Young coveren For The Turnstiles blei alle framført i god bluegrass-ånd med akustisk gitar, frekk mandolin, lett og luftig trommevisping, bøy-knærne-opp-og-ned-kontrabass og med himmelsk vakre vokalharmoniar frå dei tre sirenene. Kjøp førsteskiva Blue Horse (2001) og du vil ha ein venn for livet.
Sunn O))): Kanskje min særaste konsertoppleving nokon sinne. Det internasjonale kollektivet i Sunn O))) bedriv ein obskur form for støyrock som er vanskeleg å ta til seg. Ja, det er lettare å bli skremt. Første halvdel av konserten bestod av ei enkel drone, ei fullstendig nedstemt basstone formidla gjennom ørten gigantiske høgtalarar, som fikk det til å skjære i konsertøyrene. Så kom det ei lita toneforandring før lag på lag med gitarhyl, skrudde elektroniske element og motorsagaktige-lydar herja teltet. Det heile etterkvart så uforståeleg at eg ikkje veit om det var musikk eg høyrte på.
Snoop Dogg: LA-rap er vel heller ikkje mi greie. Snoop kom, leverte og forsvant. Det einaste eg erindrar nokonlunde er vel mjukporno-filmen som blei vist på storskjermen før konserten tok til. Men småkjedelig den og.
Isis: Strålande metal (igjen altså - eg som før likte meir pop og slikt) frå svartkledde og breibeinte amerikanarar. Litt som f.eks Explosions in the Sky spelar Isis på nerven mellom den bråkete og mektige buldrerocken og meir rolege og melankolske gitarparti. Ikkje så veldig underhaldande på scena, men musikken taler alltid best for seg sjølv. Snart på tide for meg å kjøpe plata Panopticon vil eg tru.
Audioslave: Har ikkje sansen for bandet, men den knappe halvtimen eg fikk med meg var okey nok. Ein akustisk versjon av Black Hole Sun (Soundgarden) og Killing in The Name Of (RATM) er ikkje å forakte. Men orka ikkje høyre så masse altså.
Tinariwen: Skal vi kalle det ein slags World Music? Tinariwen leverte ein av årets beste Roskilde-konsertar, sjølv om storparten av publikum hengte og slengte på Audioslave. Det malisiske bandet som tidlegare var gerilljasoldatar i heimlandet brukar no musikken som sitt våpen. Musikken; ein miks mellom vestlege og afrikanske musikkformar er vanvttig medrivande. Ein støvete blues-aktig og gjerne litt tarantinoesque gitar blei møtt med tribale trommerytmer, store allsangtema underhaldande dans og Nusrat Ali Kahn-vokal. I det heile tatt var bandet ein solid opptur. Alle i bandet stilte forøvrig i heildekkande burka og enda kvar sang med kommentaren "Thank you all, you are all welcome to join our desert". Takk, vi stiller gjerne på ny ørkenvandring med Tinariwen.
Black Sabbath: Nok ein stor konsertoppleveing. Utan å vere meir enn middels interessert i Sabbath klarte eg ikkje la vere å la meg rive med når Ozzy (i storslag) og kompani gjekk gjennom sin store musikk-kolleksjon. Både gamle hits og mindre superkjente låtar blei formidla på aller beste vis. Vi rista på skallen, spelte hard luftgitar og gav tommelen opp til sidemakeren. Euforisk for mange, strålande for meg.
Beatstakes: Usedvanleg fengande tysk punkgruppe som fikk publikum til å svette stort. Det var hardt, melodisk og svingande og ei herleg forlenging av Sabbath.
D.A.D: Fullstendig ubrukeleg konsert av danske D.A.D. Sviskete power ballads, trege rockelåter og pompøs instrumentalisering fikk kroppen til å riste av uhygge. Bandet, som har hatt ei lang og variert levetid, spelte i hovudsak nye sanger og klarte ikkje å formilde ei dugande tone. Terningkast null.
Maldoror: Eit av fire Mike Patton-prosjekt under årets festival og som forventa var det ganske sært. Støymusikk deluxe. Støymusikk som ikkje gav meining. Støymusikk som eg håper eg aldri høyrer meir. Kall meg ein konservativ musikk-klovn, men eg ynskjer likevel sårt ein og annan håndgripeleg melodilinje innimellom støymassene.
Khonnor: Ung stjerne på elektronika-himmelen. Den 17årige Khonnor gav eg ikkje meir enn eit par låtar, musikken dansa ikkje heilt etter mi pipe.
Devendra Banhart: Devendra Banhart lagar utsøkt musikk, det er det ingen tvil om. Men der eg forventa eit roleg nedstemt akustisk sett med døsig gitarklimpring og briljant vokal, fikk eg ein svingande og humørfullt gledestråle av ein langhåra kar og hans like langhåra medhjelparar. Konserten hadde ein fin hippie-feeling over seg, den romsterte rundt i 60/70-talls countyrock og var feiande flott og medrivande. Den inneholdt og Lauren Hill coveren Doo Wop (That Thing)i eit skjønt format. Først som ekstranummer stod Devendra åleine på scena med gitaren og framførte smukke A Sight To Behold. Ei fabelaktig avslutning. Devendra Banhart var forresten den artisten som fikk den lengste trampeklappen under Roskilde, var det rundt 7 minutt med heia-heia?
Jimmy Eat World: Ganske merkeleg at dette bandet fikk spele på den største scena. Så populære er dei nå ikkje. Og det viste også den relativt labre publikumsoppslutninga. Men konserten var okey den. Tidvis gav den litt Death Cab For Cutie-assosiasjonar, noko som absolutt var postivt for meg.
Foo Fighters: Ein brukbar og ganske hørbar konsert frå Dave Grohl og hans mindre navngjetne bandmedlemmar. Visstnok. Eg var ikkje så veldig interessert og tusla vidare til neste band etter tre låtar.
The Dresden Dolls: Hoi Hoi, dette var stort. The Dresden Dolls er ein uvanleg duo frå Boston som spelar Bertholt Brecht/Kurt Weil-inspirert cabaretpop med eit rivande punkuttrykk klar til å smyge fram. Litt som White Stripes kanskje, men langt meir underhaldande spør du meg. Med frenetiske trommegangar, humpete og sprøtt piano, Tori Amos/P.J Harvey-aktig vokal og latterleg fengande låtar var The Dresden Dolls ein av årets beste. Låta Coin Operated Boy snurrer forresten i bakgrunnen akkurat no, ahh så deilig.
Green Day: Bandet som fikk ein solid opptur med sitt siste album American Idiot leverte til gangs varene på Orange Scene. Det blei ein parade frå start til mål, ypperleg punkpop blir ein aldri lei av. Det heile fortona seg etterkvart så pompøst at enkelte sikkert fikk meir enn nok (fotball-allsanger av typen olè olè olè, avslutningslåta We are The Champions osv). Men dette var ein fornøyeleg del av showet. For bandet gjodre meir enn kun å levere sikre hits på enkel måte, her stod nemleg massekommunikasjonen i sentrum. Ein særleg minnerik kveld fikk nok dei tre i publikum som på ein låt blei teken opp på scena for å ta over instrumenteringa. Og jammen klarte dei det med glans (sjølv om tre-greps-punkpop nok ikkje er den aller største utfordringa). Uansett var dette ei stor oppleving.
Skambankt: Sjølv små forventningar innfridde ikkje under skambankt-konserten. Nokon gitarproblem, ein usedvanleg grumsete lyd og eit uengasjert band og publikum; det var i det heile tatt ingen stor glede å bivåne dette 45 minutts lange settet.
Joanna Newsom: I håp om deilig harpepop gikk turen til Joanna Newsom-konserten søndags morgen. Dessverre blei det ein litt ambivalent oppleving. Starten av konserten blei prega av dårleg lyd og ein defekt mikrofon. Så klart skjedde dette under dei verkelege gromme låtane. Etter å ha fått orden på lyden svinga Joanna igjen sine magiske fingrar over harpa, utan heilt å klare å formidle den verkelege godkjensla. Behageleg og fint blei det likevel etterkvart, men kanskje ikkje heilt som forventa. Kjærasten (?) Devendra Banhart og hans kompanjongar kom forresten på scena og spelte med på ei humoristisk vise undervegs. Triveleg det.
Turbonegro: Under strålande sol på ein søndags ettermiddag (eller morgen for oss på Roskilde) gjekk altså Turbonegro på den Orange scena. Fullstendig mislukka tidspunkt så klart, men bandet leverte på eit vis det som var forventa. Eit sett som både band og jugends verka brukbart fornøgd med. Artigst var nok likevel når Hank Von Helvete kom med infantile og noko spesielle kommentarar mellom låtane. Om røde pølser, mongoloide, onanering og slikt.
...And You Will Know Us By The Trail Of Dead: Bandet som erstatta Mars Volta klarte ikkje heilt å ta meg til nye høgder. I likheit med Turbonegro blei det litt for spinkelt og når ein på forhånd ikkje kjenner til låtmaterialet blir ein vel som publikum litt passiv og rastlaus. Det var uansett slik det var for meg under denne konserten.
Bright Eyes: Det er liten tvil om at Conor Oberst (Bright Eyes) er ein begava ung musiker. Det er liten tvil om at han har gitt ut nokon fantastiske plater i løpet av si levetid. Difor var det litt skuffande at han absolutt måtte bruke denne konserten på å formidle låtar frå Digital Ash In A Digital Urn (2005); etter mi meining ei ganske kjedeleg utgjeving. Når han samtidig verkar fullstendig lei av turnelivet, knapt orkar å veksle eit ord mellom publikum og er meir oppteken av å finne sigaretter enn å spele låtar, ja då blir det litt stusseleg. Etter å ha overvært rundt 40 minutt av konserten valser eg difor litt oppgitt vidare.
Interpol: Forventingane var desto høgare til Interpol si kveldsopptreden på festivalen. Albumet Turn on the Bright Lights (2002) har nemleg stor status her i gården og for min del kunne bandet pløya gjennom heile den skiva i kronologisk rekkefølgje utan at eg hadde klagd. Men bandet var meir oppteken av å "vise fram" sine nyskapningar frå albumet Antics enn å tilfredstille marven. Greit nok album det, men slik eg ser det litt for oppskrytt av musikkpressa. Bandet syntest heller ikkje 100% gira på å spele til seg nye fans og leverte såleis ein litt tam og blodfattig konsert. Men stilsikre er nå Interpol framleis, både i klesveien og på scena. Først som ekstranummer kom eindel gamle slagere, men då var det nesten litt for seint.
<< Home |