<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Thursday, May 19, 2005

Den musikalske søppelhaugen

sveve Midt på 90-tallet var eg ganske dum. I alle fall dum nok til å bytte bort ei Nirvana-plate på ein luguber bruktbutikk på heimstaden. Ikkje at akustisk grunge er så fryktelig spennande, men når skiva blei erstatta av det ultraslappe britpop-bandet Bluetones, var det tydelegvis ingen smart handling. I etterkant av dette har eg vegra meg for å kvitte meg med cdar, uansett kor flau ein kjenner seg om kompisar oppdager mølet som står i hyllene. Då er det nok betre å stå for sine latterlege innkjøp, for mennesket er som kjent summen av alle sine handlingar, på godt og vondt. Med denne posten skal du få høyre om eit utvalg elendige cdar som støvar ned heime hos meg. Dette er ikkje ein typisk trashkultur-post der vi hyllar det dårlege i ironiske språkvendingar. Neida, dette er musikk eg gjerne skulle bytta bort på flekken, men tidlegare bytte-flauser (ja, det var fleire enn Nirvana) og ein skrullete form for materialistisk tankestruktur, forhindrar meg frå dette. Ok, det er på tide å la all musikk-cred svinne hen og la den flaue vinden daske ansiktet.

Honeycrack - Prozaic
Denne fikk eg av ein kompis, til glede for han og til stor argelse for meg.
Goldie - Saturn Return
Goldie med gulltenna lager marerittdårlig musikk.
Goo Goo Dolls - SuperstarCarWash
Frå den gang eg var 13 årig jente. Er det mulig?
Go-Go Gorilla - Stuck
Alex Rosën-bandet. Prøvde faktisk å bytte denne, men den kristne mannen i bruktbutikken nekta å ta i mot på grunn av blasfemisk coverbilde.
Heavy Stereo - Dëjä Voodoo
Britisk rock på 90-tallet var aldri meir anonymt.
Jennifer Love Hewitt - Lets Go Bang
Slik går det når ein 15åring kjøper plate av søt tv-dame
Octopus - From A to B
Høyrte til den meir eksperimentelle brit-pop`en. Nok ein katastrofal skivebom
Nada Surf - High/Low
Kjøpt på grunn av den fengande tyggegummi-punk-pop-låta Popular, men for all del, styr unna.
Marvin Gaye - Midnight Love
When I get this feeling, I want sexual healing..... ellers er plata totalt innholdslaus.
Mark Knopfler - The Princess Bride (filmmusikk)
Denne brukte vi i ei sceneframsyning på gymnaset, men makan til vås.
Blackout Beach - Light Flows the Putrid Dawn
Ubrukelig støy av ellers gode folk
Manfred Mann`s Earth Band - Budapest Live

Live i Budapest, det må vel vere eit røvarkjøp. Nei...

Tilgi meg padre!!