Bloggeskryt og Master
(PS!, min blogg er heller ikkje ein estetisk nytelse, men det ser vel alle)
Ellers kan det nevnast at temaet for masteroppgåva har komt sånn nokonlunde på plass, og den forløpige overambisiøse tittelen er følgande: Konstruksjon av kjønn i norsk musikkjournalistikk". Enkelt sagt har eg valgt å ta for meg musikkstoffet i eit utvalg papir og nettaviser (intervju, konsertar, anmeldelsar, det generelle stoffet), og undersøke måten mannlege og kvinnelege artistar blir presentert og vurdert i blekkene. Kva betydning har til dømes artisten sitt kjønn for den journalistiske vinklinga i reportasjene og konsertomtalene? Reproduserar journalistikken dei maskuline rockemytene, eller vurderast artistar uavhengig av si kjønnsmessige tilhørigheit? Blir kvinnelege musikkprestasjonar trivialisert i media, og kvifor dette behovet for å omtale Sahara Hotnights eller Ephemera som "jenteband"? Begrepet assosierast kanskje med ein simpel form for øvinglokalerock? Desse og liknande spørsmål skal bli ein fryd å finne svaret på i løpet av det kommande året.
Kanskje har du ein god historie eller observasjon som du dør etter å fortelje til marve? Kanskje leste du i Dagbladet at Ephemera fortsatt var søte og nusselege? I og med den solide invasjonen av bibliotekarar på bloggen (eg blei visstnok plassert på ei mailingliste for bibliotekarar etter siste post), reknar eg vel og med at kommentarboksa under her snart bulmar over av herlege litteraturtips. Nåja.
<< Home |