<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Saturday, February 26, 2005

Pappa og compjuteren

data

"...dette data og internett er så stort og uoversikteleg. Så lenge eg kan spele kabal, lese jobbmail, sjekke børsen og kanskje ha ein "chat" med min sønn på msn, har eg det som plommen i egget. Meir informasjon treng eg ikkje, det er ikkje behov for å lære meir no....nok er nok......nei slutt, det der kan du heller lære di mor.......the end"

Dette utsagnet er ganske representativt for pappa og hans noko likgyldige forhold til fenomenet compjuters og internett. Så lenge han kan utføre desse små trivelege prosessane, har han på mange måter tilfredstilt sitt behov for læring. Han kan til og med finne på å trekke inn sin eigen alder som argument for at han ikkje ønsker å tileigne seg meir kunnskap om bruk av datamaskiner. Databruk er liksom eit moderne, ungdommeleg og ultrahipt redskap det er for seint i livet å sette seg godt nok inn i:

"...vi gamlingar klarer ikkje ta til oss all denne infoen....så lenge det finnast penn og papir skal eg nok klare meg....julehelsing på e-post, blir ikkje det litt for skrytete?"

Desse og liknande påstander kan han altså finne på å servere oss når vi prøver å lære han opp til å bli ein kyndig data-pappa. Aversjonen mot å ta meir enn eit par læremessige musesteg i året, forhindrar likevel ikkje at mannen blir riktig stolt når han til slutt meistrar å lære seg masseutsending av mail, eller når han på chat benyttar seg av urban internettsjargong (lol, tsk, yo!, newbie, stfu). Nuvel, det siste var forresten oppspinn. Hovedpoenget er uansett at han oppfattar normal pjuterbruk som noko svært komplisert, og han vil på ingen måte lære seg meir enn det som er ytterst ytterst nødvendig. Alt utanfor umiddelbar rekkevide overlatar han galant til meir ungdommelege krefter, eller til den som har tid og ork nok til å ta på seg det ansvaret.

Det er lett å la kroppen riste lattermildt av slike holdningar. Alder er ingen hindring for å lære seg meir enn å opne mail eller legge windowskabalen. Sjølv om ein voks opp i ei tid utan fargefjernsyn, Ipod og MMS-telefon, er det framleis mogleg å "sette seg inn i" nye medier og uttryksformer. Det fordrar sjølvsagt at vedkommande har eit minimum av interesse av å ta til seg kva desse nyvinningane kan tilby. Er du prinsippielt forkjempar for å sende brev via ikkje-elektronisk leveranse, kan det vere vanskeleg å overbevise deg om at ein e-post som oftast fungerar like godt. Er du prinsippielt motstandar av chatte-program på nettet (les: denne upersonlege og isolerande formen for kommunikasjon), kan det vere vanskeleg å få deg til å innsjå at slik kommunikasjon ofte fungerar like bra som den meir "genuine" telefonsamtalen.

Kjensla av at internett er for "stort og uoversikteleg", er likevel forståeleg nok. Det å skulle "nøste" seg gjennom ufattelege mengder med informasjon på worldweb`en, krevar utvilsomt ein del av brukaren, og det er vel det som får enkelte til å kvie seg for å ta fatt på den første tråden. Då lønner det seg så klart å foreta "fornuftige" søk, noko som ikkje alltid er så lett som det høyrast ut. I mitt neste innlegg, som kanskje får tittelen "Eg elskar bibliotekarar" - altså yrkesgruppa, ikkje karar som er bibliotekarar :-), skal det skrivast om mine ofte komplett idiotiske googlesøk på nettet.