by:Larm fritt etter hukommelsen - Siste dag
Konkurransen fortona seg dessverre som eit laaangt gjesp, og av kandidatane var det kun ANIMAL ALPHA som heva seg over den gjennomsnittelege smørja. For all del, Urørt er eit spennande konsept der mange talentfulle og spennande artistar har offentligjort musikken sin. Litt skuffande var det difor at urørt-juryen denne gangen syntest å favorisere artistar med eit allereie velpolert og radiovennlig uttrykk, framfor å satse på det meir "genuine", "eksperimentelle", "heimesnekra" etc. Vi er vel på søk etter utvikling eller? Når publikum og juryen stemte fram ANJA og hennar elektronika-poplåt "Hush, Hush" som årets urørt, reiste vi indignert vidare mot Røde Sjøhus der Colt skulle opptre.

Etter ei grei garagerock-oppvisning av Oslogjengen LUKAS KASHA, var det tilfredstillande å oppleve SAMUEL JACKSON FIVE for andre gang denne festivalen. Settet var framleis fortreffeleg, sjølv om det var eit meir nedtona SJ5 som presenterte seg på Cementen. Konserten var ikkje like eksplosiv som kvelden før, men publikum flest lot seg på nytt forføre av den dvelande og bildeassosierande instrumentalrocken. Som avslutning på konsertkvelden fikk vi med oss delar av JE SUIS ANIMAL og SKAMBANKT utan at desse satte noko varig inntrykk. Det ryktast at sistnevnte endte i ein halvskandale der publikum gjekk fullstendig bananas og teknikken gjekk til helvete, noko som i så måte var ein interessant, eventuelt kjip avslutning på årets festival.
Oppsummerande viste vel by:larm 2005 at det gror rimeleg bra i den norske undergrunnsfaunaen. I ein nyleg kommentar i aftenposten hevdar musikkjournalist Robert Hoftun Gjestad at årets festival var skuffande middelmådig og at artistar med den såkalla "X-faktoren" var omtrent fråværande. Han om det. Personleg føler eg at både Samuel Jackson Five, Howl, SirPlus, Tuco`s Lounge, Syme og Sound Syndicate imponerte voldsomt i Stavanger, men sidan det var over 200 konsertar under festivalen har muligens Gjestad eit (bittelite) poeng likevel. Litt møl og middelmådigheit må han likevel forvente. Norge er tross alt eit lite land, og det å forvente ypperste kvalitet på scene etter scene blir ein temmeleg utopisk draum.
<< Home |