by:Larm fritt etter hukommelsen - Dag to
Ein smule skuffande åpningsdag blei heldigvis etterfulgt av ein fantastisk fredag med eit knippe nye favorittartistar. Gårsdagens sushi, kyllingwok og japansk øl på futuristisk restaurant, blei erstatta av meir trauste Half`n Half Pizza og Champagne-brus på Dolly Dimples. Utsøkt det og. Så spaserte vi til Vg-teltet for litt quizing i regi av Robinson-Christer, ein quiz som forøvrig endte med eit skammeleg dårleg resultat for mitt lag. Nåja, la oss heller gå over til den musikalske føden. Dagen opna då med psykdelisk retrorock av BRIMSTONE på Folken B (den minste scena i bygget). Av frykt for å få den etablerte fanskaren til bandet på nakken, er det vel best å seie minst mulig om denne konserten. Det kan vere nok å nenve at Brimstone ikkje akkurat framsto som dagens høgdepunkt. Tilbake igjen på Røde Sjøhus står HOWL på scena, og som bandnavnet tilseier var alt lagt til rette for ein aften med skrik og skrål. I ByLarm programmet kunne vi lese at det nystarta bandet bestod av (ex?) medlemmer frå blandt anna Xploding Plastic, San Diego 45, Billion Dollar Mission osv, og hadde sin aller første konsert på Cafe Mono en søndag i slutten av August. Til fulle hus. Stinn brakke var det og på sjøhuset når Howl knuste til med sin aggresive rock`n roll, vannvittig herlige trommerytmer og gitarriff, i tillegg til suverene akrobatikkøvelsar frå ein entusiastisk vokalist. I heseblesande tempo, men samtidig med ein solid porsjon "coolness" i utrykket, lagde bandet liv og røre i det knirkande båtnaustet. Etter konserten kunne vi svett konkludere at Howl utvilsomt har det som skal til for å skape liv og røre blandt rockepublikumet. Om det fungerar likegodt i plateform er derimot uvisst.
Ein knapp time seinare i same (skjult musikalsk referanse) lokalet, fant det fabelaktige postrock-bandet SAMUEL JACKSON FIVE vegen til scenekanten. I tillegg til å skilte med årets kulaste bylarm-navn, leverte den Oslo-baserte kvintetten samtidig ein forykkande konsert som fikk storparten av publikum til å måpe av begeistring (i alle fall meg og mine mine næraste venner). Musikken er utelukkande av det instrumentale slaget og vart utforma av tre elektriske gitarer, ein synth og trommer. Ikledd raude t-shorter og med ei frenetisk snurrande klokke som scenedekor tok bandet fatt på sin eksperimentelle leik frå lågmelte og svevande introer, gjennom instrumental-jazz til absurd eksplosive kaskader av lyd og regelrett støy. Muligens har band som Godspeed You Black Emperor og Mogwai gjort liknande musikk på ein litt meir fullstendig måte, men likevel er dette noko av det mest overbevisande eg har kome over på ei konsertscene på lang lang tid. Hipp Hurra for SJ5 altså.
Muligens var det rusen etter slik deilig post-rock (eventuelt overprisa bylarm-øl) som gjorde at det vanligvis utsøkte bergens-bandet TUCO`S LOUNGE ikkje var umiddelbart fengande i starten. Den som har høyrt bandet på scena eller på plate veit at vi her snakker herleg kaktusrock, tex mex, rockabilly og overlegen westernsound. På tross av ein litt uvøren opning, var Tuco`s snart tilbake på kjente jaktmarker og fikk det til å svinge i rockefoten til mang ein cowboy i salen. Vokalist Bjørn S. Hillestad hadde som vanleg bra framtoning på scena, Kjetil André Tofte briljerte med tangentane og gitarist Christoffer Pedersen serverte giftige surfe-riff til stor glede for oss alle. Etter konserten var planen å jogge vidare til Javel for å høyre sprudlande metall og ANIMAL ALPHA, men på grunn av trøtte bein og altfor lang kø blei dette aldri realisert. Checkpoint Charlie tok meg vidare inn i vår-natta, dog utan liveband på scena.
<< Home |