Identity is SO 1990
Dette med blogging og identitetsbygging er interessante greier. Dei fleste av oss vil, enten vi innrømmer det eller ei, utnytte dette publikasjonsredskapet til å markedsføre oss sjølve som innehaver av bestemte ideologier og preferanser (gjennom å gi uttrykk for sosiale, kulturelle, politiske holdningar, smaksverdiar etc). I likheit med livet ellers er vi konstant ute etter plassere oss i forhold til andre individ; ofte gjennom å knytte bånd til personar som delar store likheitar med oss eller gjennom å markere avstand til "andre" der desse likheitene synast fråværande.
Nå er vel ikkje alle alltid like ærlege i sin sjølv-presentasjon, enten det er på byen eller i det virtuelle rom, utan at eg ser på det som noko forferdeleg. Om eg ønsker kan eg til dømes skrape saman ein hyllest-artikkel til Debussy og Ravel (ytterste formål: virke kulturellt opplyst og musikalsk "danna"), ein gjennomgang av Sartre og Heidegger (ytterste formål: virke intelligent og belest), eller ein gjennomgang av Yéyé-bølgen i fransk populærkultur. (ytterste formål: ææh, tja kvifor gjorde eg egentlig det). Ved hjelp av klipp og lim-metoden kan vi alle bli "ekspertar" på slike felt, i alle fall nok ekspert til å lure ein stakkars blogglesar som ikkje kjenner deg. Det er på ein måte som på ein jobbsøknad, ein forandrar litt på tittel her og der og peiser på med arbeidsoppgåver som ein strengt tatt aldri har gjort for å bli "interessant" for den som leser.
Slik er det og med mitt tema; populærkultur og trash. Det er vel kanskje ikkje det mest høgverdige tema eg kunne valgt, men i alle fall meir ærleg (i tråd med mine gleder, interesser, smaksvurderingar osv) enn ein blogg som fokuserte på klassisk musikk i fransk renessanse som definitivt ville gitt eit falskt bilde av meg som person. Men som sagt, litt falsk kan ein gjerne vere. Vi makter vel forresten aldri å gi eit fullstendig sannferdig representasjon av oss sjølve gjennom "det skrevne ord" uansett, så litt fantasi og humbug er ofte å foretrekke.
For å snakke i biografiske termar om meg sjølv, har musikk vert ein viktig identitetsbyggar opp gjennom livet. Det vil eg tru er eit faktum, men eg kan så klart ikkje vere sikker. La oss prøve oss på ein gjennomgang av musikk og identitet-tanken.
Marve:(ca 9år) På skulepulten står det rissa med stygge bokstaver navnet Joe Satriani. Hm, kven er nå denne Joe Satriani, spør eg meg sjølv. Jaja, er vel ein av desse store pøblane i 4-klasse som har tatt med lommekniven. Plutseleg fattar ukjente personar interesse for den stygge inskripsjonen. "Hei, liker du også Joe Satriani?", blir spørsmålet. "æææhhh, ja, ææh, ja absolutt", blir mitt svar. Kort tid etter fant eg ut at Joe Satriani visstnok var ein superflink gitarist, og at eg som hadde navnet rissa inn på skulebenken blei ein interessant type for fleire p.g.a mi interesse for kjapp gitar-tapping eller kva det var han var flink på. Dette måtte eg så klart utnytte, og i alle sosiale lag på barneskulen var eg kjapp med å hevde at Joe Satriani var "verdas beste gitarist". Thumbs up, og godkjenning frå resten av den gitarinteresserte klassa.
Marve:(ca 13år) Min bror hører på Absolutt Music-samleplater, Dire Straits (som forresten alle fotballspelarar hører på, merkeleg nok), Smokie, Roxette, På-Gang kassetter og den slags. Skikkeleg drittmusikk altså, men på den tida var det det denne typen musikk som fikk "grooven" til å røre seg i min kropp. Kvifor? Nettopp fordi bror min hørte på den, og alle småbrødre strebar etter å bli mest mulig lik sin storebror. Hadde musikken blitt godkjent av han var det tydelegvis kvalitet og om eg fikk eit nært forhold til han på grunn av dette var det sjølvsagt ein stor bonus. Ingen sjølvstendige musikkvalg i denne perioda altså, men eit søk etter å bli som han store og trygge "helten".
Marve: (ca:16-17år) Brit-pop og opposisjon muligens. Rusens gleder. Oasis banker Blur, vi er "the lads" som vil drikke øl, gå på fotballkamp (slutter så klart som aktiv), starte band, få oss grupies. Vi vil vere regelrette bøller, prøver å kopiere våre forbilde. Er plutselig elendige på skulen, får henge med jenter og får sansen for det. Livet er ein fest, og England er drømmen. Vi stifter vennskap gjennom musikken, ein musikk som virkelig taler til oss.
Og i dag er det muligens cowboy-melankolien som stikk djupast. Uansett blir fortsatt musikk ein måte å skilje seg ut ifrå "andre", sjølv om det generelle toleransenivået muligens har heva seg ein smule. Det handlar vel sikkert om respekt. Det er likevel tvilsomt om det vil komme euforiske betraktningar om trance/dance/danseband/trip-hop her på bloggen med det første. Men ein veit aldri. Kanskje blir eg sittande som 50-åring i sofaen med svingande pisk mot alle dei utstuderte og liksom-triste singer/songwriters som brettar ut om sitt ufullstendige love-life, kvasi-filosofiske idèar og tåpelege rocke-positurar i 2030.
<< Home |