<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Tuesday, January 04, 2005

Tonene triller for Asia

Band Aid
Årets romjul og dei første dagane i 2005 har utan tvil fortona seg svært tragisk for ein rekkje menneske. Mange har mista personar dei holdt av og var glad i, andre kom heldigare frå det men få har likevel stått heilt uberørt av katastrofa. Empati og medkjensle er gode menneskelige kvalitetar som heldigvis kickar inn i slike tilfelle. Aller viktigast er likevel pengesummen som blir samla inn. Mange norske og utanlandske musikarar går no i studio og spelar inn plater der salgsinntektene utelukkande skal gå til Sør-Øst Asia.

Sjølv om ein skal vere forsiktig med å komme med altfor krasse kommentarar i slike sensitive tider, kan det likevel bli i meste laget når det stadig dukker opp nye musikalske prosjekt som vil "synge si støtte for Asia". Ikkje at desse prosjekta er kritikkverdige i seg sjølve, tvert i mot er det ein fin måte å samle inn nødvendige kroner. Derimot trur eg ikkje at det er så lurt at eit mangfold av A-B og C-kjendisar stiller opp i ulike band/prosjekt/albumutgjevelsar (i staden for under ein felles låt eller utgjevelse). Mange har allereie gitt store og små bidrag til den nasjonale innsamlingsaksjonen der media på mange vis har søkt å fronte aksjonen. Toppers det. Men ein må tenke seg at dette er ein "nyheitssak" der vår interesse for regionen vil synke etterkvart som fjernsynskamera blir forflytta til andre delar av kloden. Litt kynisk kan ein seie at det gjeld å "smi medan jarnet er varmt". Pengar må skaffast og det med ein einaste gong. Om alle desse artistane no hadde gått saman under ein felles låt; om media kunne kjørt reklame for singelen 24 timar i døgnet, og om denne singelen faktisk hadde hatt nokonlunde musikalske kvalitetar, ville det sannsynelegvis solgt langt meir enn alle desse andre singlane tilsaman.

"det er smålig å se på den kunstneriske verdien, er ikke det det handler om", sa ein kamerat til meg då eg spådde/frykta at ein bråte "udugelege" innsamlingssinglar ville dominere radio og fjernsyn i næraste framtid. Klart han har rett i det, desse låtane er ikkje spikra saman for at eg skal få ny musikalsk input, men fordi folk er i nød og treng vår hjelp. Men det må vel og vere lov å diskutere om slike låtar har kvalitetar utan å bli redusert til ein hjerterå og kald menneskefiende? Erfaring tilseier at eg vil mislike desse låtane sterkt (gufset frå 1985), men sidan dei er utgjeven i ein god hensikt vil eg ikkje ta mitt hat opp i sosiale lag. Kjøpe greiene vil eg nok ikkje, då er det lettare å sette inn 200kroner direkte på Røde Kors-konto utan å MÅTTE forvente å få eit produkt tilbake.

Hadde eg vert ein kjent norsk artist (og ikkje ein som distibuerar dum pop til 4-5 personar i min omgangskrets) og fått telefonen der personar innanfor musikkbransjen vil ha meg med på vokal på "Redd Asia"-singelen, er det klart eg hadde blitt med. Ikkje fordi eg trudde prosjektet kom til å bli særleg velukka økonomisk eller musikalsk sett, men fordi eg hadde blitt satt i ein umuleg pressituasjon. Nektar eg å delta vil eg bli oppfatta som ein lumsk og gnien person som ikkje visar medkjensle med verdsborgaren, uansett kva grunn eg måtte finne på å hoste opp (at låten er for dårleg vil aldri bli godkjent, muligens kan du unngå å tape ære viss du personleg varslar avisene om at du akkurat satte 2000kroner inn til Leger Uten Grenser). Det er i alle fall scenarioet eg førestillar meg. Paul McCartney blei for eksempel kritisert i britisk presse (og folket som nikkar i kor til avisartiklane) fordi han kun spelte bassgitar på den siste veldedigheitsingelen. Eksempelet viste at folk som ikkje benytta seg av stemmebåndet blei oppfatta som "litt grådige", medan f.eks boybandet Busted viste tydeleg medkjensle då dei sang si pålagte strofe med engleaktige røyster.

Men for all del, kjøp all veldedigheitsmusikk du kjem over og ikkje la slik kynisme forhindre deg. Dette er kanskje eit våsete innlegg, men eg personleg ser det meir fornuftig å gi pengar direkte utan å måtte kjøpe eit middelmådig produkt som uansett vil støve ned til neste jul.