Hyl og spark i norsk litteraturkritikk
Ei interessant form for offentlig skittkasting har gått føre seg i avisene den siste perioda. Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenblad hevder at boka Spania. Historien, kulturen og menneskene (ført i pennen av journalist Arnt Stefansen), grensar til å vere ein plagiat av Mark Williams sitt verk The Story of Spain. Omdal hevdar at små litterære omskrivningar ikkje kan skjule at Stefansen har "knabba" vilt og hemningslaust i dette tilfellet. Nå har eg ikkje lest nokon av desse bøkene som nevnast her, (og går så absolutt ikkje med planer om å gjere dette, det får vere måte på interesse) men sjølve argumentasjonen i skuldinga og det påfølgande svaret kan vere verdt å studere litt nærare.
Omdal gjer det tidleg klart at han ikkje vil "anbefale" denne boka, fordi han ikkje oppfattar det som eit sjølvstendig verk. "Stefansens framstilling er ikke noe annet enn en forkortet og uhyre lett omskrevet versjon av Williams' bok", seier Omdal. Ikkje nok med at Stefansen synast å basere sitt verk på kun ei skrifteleg kilde, boka synast og å vere ein direkte oversetting frå originalspråket til norsk. Dette forsøker Omdal å vise ved eit illustrerande eksempel, to tekstutdrag som plasserast side om side, og som såleis skal "bevise" det journalistiske sviket. Privatpersonen Stefansen, (unnskuld, verket han står ansvarleg får) blir såleis omtalt som "intellektuelt uredeleg".
Alle slike innlegg krevar sitt svar, og Arnt Stefansen gikk vidare ut i Dagbladet og forsvarte seg og si ferske bok. Om argumentasjonen hans var så veldig velukka kan derimot diskuterast; "Det er simpelten ikke sant", seier Stefansen før han antydar at Omdal må ha lest svært få bøker om Spania (mindre enn meg, i alle fall). Dette minner om klassisk barnehage-logikk, der debatantane forsøker å overgå kvarandre i leste bøker og såleis vere den som har "mest" rett i spansk historie. Anklaga om at Stefansen bedriv "ein-kilde"-journalistikk, blir møtt med følgande argument; "Min bok er bygget på svært mange kilder" (kilder som aldri blir navngjevne i avis-teksten, men kanskje i boka?). Sidan dette innlegget i bunn og grunn er eit forsøk på å gjennopprette ei svekka truverdigheit (evt ære; hansken er kastet), kunne det kanskje vert på sin plass med utdjuping av kva kilder han har benytta seg av her, i staden for å kun å hevde at det er mange av dei.
Vidare blir argumentasjonen meir personleg, når Stefansen harselerar med ein tidlegare utgjeven artikkel-serie som Omdal har skreve; "Din artikkelserie (...) var for eksempel et klisjepreget kjekkasseri, som umiddelbart fortalte meg at du ikke er i besittelse av noen dyptgående kunnskaper om Spania". Er det privatpersonen Omdal eller artiklane han har produsert som her skal få smake vreden? For å redusere Omdal si truverdigheit er det så klart fristande å vektlegge personlege svakheiter til motdebatanten, slik Stefansen her forsøker seg på. Samtidig hevdar Stefansen at angrepet på boka hans ikkje er litterært begrunna, men styrt av Omdal sine eigne personlege motiv og ønske om å "ta" ein nrk-kollega. Ikkje veit eg kva som er normal praksis. Kanskje er eg naiv her, men eg velger å tru at bøker stort sett blir vurdert utifrå tekstlege kvalitetar og ikkje utifrå om du likar/mislikar forfattaren som privatperson. Men kanskje har Omdal og Stefansen ei uoppgjort fortid bak seg, som no gjev seg utslag i denne offentlege skittkastinga. Artikelen sluttar med at Stefansen trur eit opplyst publikum (dvs hans eigne fans) vil heve seg over dette tøyset frå Omdal, og sjå dette som eit godt og velskrevet verk.
Stefansen sitt motinnlegg er altså dreven av følgande argument. 1) Omdal drit seg totalt ut, 2) Omdal har ikkje peiling på spansk historie, 3) Omdal har personleg ønske om å ta ein Nrk-kjendis 4) Omdal les boka med motvilje 5) Omdal har skrevet ein uredelig anmeldelse som publikum vil gjennomskue.
Nivået på norsk litteraturkritikk er sanneleg høgt for tida.
Oppdatert: Motinnlegget i Aftenbladet er riktignok ein smule meir velukka, velartikulert og informativt enn det som stod i Dagbladet. Debatten er vel forøvrig snart gløymt av alle partar, og ting kan gå tilbake til normalen.
<< Home |