<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Monday, November 08, 2004

Folkelig debatt

En sjelden gang endar eg opp med å sjå på debattprogram som Holmgang og Standpunkt. Lite trivelig eigentlig. Studioet er vanligvis forma som ein halvsirkel, der opponentar langar ut (inn) mot sentrum av rommet der parti-representantar sitt skulerett og forsvarar sine handlingar/holdningar. Talkshowet inviterar kamphaner frå dei fleste politiske parti (RV er som regel ikkje-eksisterande) og diverse organisasjonar, som kranglar så bustar fyk veggimellom, kombinert med ein krass ordstyrar som er stolt over å representere moderne tabloid-tv. Ofte er "dagens tema" ganske banalt; Ari Behn - riktig mann for vår prinsesse?, Bananar - Helseskadelig eller energirik kost osv. Temmelig uinteressant titting ja. Men viktige ting blir og diskutert; kritikkverdige forhold i vårt helsevesen, våre relasjoner til krigførande styrker, etisk handel osv. Da er i alle fall potensialet til stades for ein sjelden gang å oppleve ein interessant debatt utan det store sirkuspreget. Uansett, eg skal ikkje gå nærare inn på korleis ordskiftet i desse programa foregår. Gjer deg opp dine eigne synspunkt heller.

Men interessant er likevel korleis Holmgang og Standpunkt trekk inn publikum i debatten. Dette foregår gjennom innsendte spørsmål på e-post, fjortiz-sms og innringte kommentarar som vi gjerne høyrer i midten og etter debatten. (ala "Hagen er vår mann, stå på!", "Nu må han derrre Stoltenberg få litt vett i skallen", "Av med Burkaen eller forsvinn frå landet vårt"). Utan at eg veit nøyaktig kven som ser på Holmgang og Standpunkt, verkar det som slike program i hovudsak tiltrekker seg personar med ekstreme meiningar og synspunkt. I alle fall viss ein skal dømme ut i frå "uhøgtidelege" spørjeundersøkelsar på programmet, meldingane som kjem fram på skjermen og kommentarane som strøymer ut frå høgtalar etter sending (ala "homofili er straff", "ungdommen i dag fortjener bank", "Islam er vår fiende" osv) Er virkeleg majoriteten av norge si befolkning fylt av eit slikt hat mot "dei andre"? Ein skremmande tanke som ikkje gir særleg håp for framtida. Likevel velger eg å tru at dei fleste av oss ikkje er ekstremistar og at det som kjem fram i desse sendingane gir eit feilaktig bilde av våre holdningar og ideal.

For kva er det som motiverar vanlege folk til å la si stemme blir høyrt på slike program? For det første er det dei sjølve som tek initiativet til å utrykke seg og ikkje tilfeldige personar som blir bedt om å seie si meining. Det er personar med såkalla "sterke meiningar" som deltek, dvs at personar som ikkje vil/ønsker/kan samanfatte sine synspunkt i ei klar setning vil avstå frå å delta. For det andre seier ikkje spørjeundersøkelsar noko om kven som stemmer, og i kva grad samme person benyttar stemmeretten utallige ganger. Kva (bortsett frå økonomien) skal stoppe ein person frå å ringe holmgang-nummeret 20 ganger i løpet av sendetida og stemme fram alternativet som verkar opplagt for vedkommande? For det tredje er desse alternativa spissfurmulert på ein slik måte at dei tiltrekker seg folk med bastante og ufråvikelige meiningar, og ikkje personar som velger å sjå verda med fleire fargenyansar enn svart/kvitt.

Første Holmgang etter presidentvalget i Usa var naturlegvis prega av det idiotiske/brilliante (stryk det som ikkje passar) utfallet. Spørsmålet som programledar spurte folket om var difor: "Gjorde amerikanerane riktig valg?" Undersøkelsar i forkant av presidentvalget viste ein klar favorisering av John Kerry som president. I følge desse undersøkelsane (ca 80% favør Kerry - riktignok Dagsavisene sine eigne undersøkelsar - like lite "vitenskapelige" som Holmgang) var Norge relativt samla i synet på at Dubja måtte ta sin hatt og gå frå embetet. Etter at resultatet frå Holmgang var klart viste det seg derimot at ca 70% av dei som ringte inn var meget fornøgd med valget.

Kven er det eigentlig som ser på Holmgang av oss? Er det krigshissande homofober, som går i kirka på søndager og ber til herren om at Carl Ivar Hagen må bli statsminister? Eller er desse minoriteten som klarer å framstille seg som Norges befolkning på grunn av ein aktiv sms-tommel og ein tjukk lommebok?