Under oppsikt
Ein nyleg undersøkelse utført av medieanalytikar Henrik Høidahl viser at norske aviser underprioriterar ikkje-vestlege nyheiter i si utanriksdekning. Slår vi først på stor-tromma og engasjerer oss i verdsamfunnet er det nyheiter om tøyselandet Amerika som får plass i avisene, medan nyheiter frå andre kontinent blir redusert til små kuriøse begivenheitar. "Vi har et angloamerikansk verdensbilde", hevdar forskar Høydal, noko det er lett å seie seg einig i. Logikken er velkjent. Nære ting engasjerar, fjerne ting distanserar. Vi som lev i lilleputt-Amerika er så klart oppteken av kva som rører seg der borte, fordi vi i stor grad knyttar vår identitet opp mot den vestlege levemåte i alle sine skeive fargar og fasongar. Samtidig er mange her i landet bekymra over at Amerika er i ferd med gå seg fullstendig vill både innanriks og utanriks. ("Kva, Skal Britney Spears slutte å turnere?")
Undersøkelsen er viktig nok den, men samtidig gir den kanskje eit litt feilaktig bilde av situasjonen. Den baserar sine funn på avis-stoff henta i løpet av dei siste fire månedane. Det som hadde vert merkelig var viss norske aviser ikkje fokuserte på amerika i dette tidsrommet. Irak-krigen er ein grusom affære som har vidstrakte konsekvensar for verdssamfunnet, og ei neglisjering av nyheiter om krigen ville i beste fall vert dårlig journalistikk. Presidentvalget var og ein viktig verdsbegivenheit som krevde merksemd frå avisene og som dei fleste lesarar ville meine var naudsynt å dekke relativt omfattande. Om denne dekninga skulle hatt betre vinkling er sjølvsagt åpent for vidare diskusjon. Dei siste fire månedane har altså våre prega av sentrale begivenheitar der Amerika naturleg nok har stått i ein slags hovudrolle. Har denne dekninga gått på bekostning av konfliktar frå andre kontinent? Heilt garantert. Ville norske aviser fokusert på ikkje-vestlege nyheiter viss det var tre år til presidentvalget og Amerika ikkje var i krig?. Tja, kanskje ikkje. Men for å få vite dette bør ein ikkje basere ein generell undersøkelse på dei fire viktigaste månedane i amerikansk utanrikspolitikk det siste tiåret.
Når vi først er inne på utanriksspaltene i avisene, kan det vere interessant å sjå kva eit knippe utanlandske aviser har skreve om Norge den siste knappe måneden. I Jamaica ler dei av vårt rettsystem som let folk sprade naken rundt under seriøse rettsakar. Washington Times pøser på med viktige Norge-nyheiter denne måneden, det er nesten så ein blir litt forlegen. Av dei viktigaste sakene er blant anna morderiske tankar i det norske rapmiljøet og laber porno-interesse hos norske nettsurferar. Den republikanske avisa rep-am i Connecticut har ein stor sak om amerikanske Louis H. Jordan, mannen som er kjent for å ha innført pizzaen til Norge på 70-tallet, medan andre igjen kjører på med sitt sedvanlege sel-stoff
Så sjølv om vi er ein bitteliten nasjon, er verda alltid klar for ein delikat posjon norge-stoff, det bør vere tydeleg no.
<< Home |