3 Lessons from the life of Marven
Mopp er inn og klut er ut, melder Vg Nett. Alle som har dårlig tid, kan leve med ein heim som er delvis rein, og som vil bruke litt ekstra penger på reingjering bør benytte seg av moppen i julestria. Tusen takk Vg for at dykk her hjelp meg å utvikle min identitet. Eg vil så klart ikkje framstå som ein tulling som benytter meg av gammeldagse vaskeredskaper, og har no fått eit skyv i riktig retning.
Amish in The City er TvNorges nye storsatsing. Eit knippe amish-ungdommer flytter til Los Angeles under sin rites of passage, kjent som Rumspringa, og bor i eit designerprega kollektiv med hippe og urbane by-kids. I kjent reality-stil er målet konflikt og kjærleik, der kulturforskjellar i første omgang skal splitte ungdommane, for så å knytte dei nærare samen då dei inser at vi er alle barn av Guds frie natur. Nok eit medmenneskelig program i Mtv-ånd (Real World, Becoming, Nick & Jessica)
Fog of War er ein meget interessant dokumentar om tidlegare forsvarsminister Robert S. McNamara. I intervju med filmskapar Errol Morris (The Thin Blue Line, A brief History of Time) får McNamara mogeligheit til å reflektere over eigne handlingar under den kalde krigen, der Vietnam og Cuba-krisa blir viktige områder for filmen. New York Times omtaler filmen som "sober, beautifully edited documentary portrait" medan professor og mediekritikar Eric Alterman skuldar Mcnamara for å vere ein løgnhals som bedriv uansvarleg historieforfalskning for å redde seg frå sitt eige skuldspørsmål. Mcnamara innrømmer i filmen at han er ein "krigsforbrytar", men nekter å svare på spørsmålet om han sjølv føler seg skuldig for Vietnam-krigen. Dokumentaren er stilmessig i tråd med Noam Chomsky-filmen Manufacturing of Concent, og innlagte "kunstneriske" klipp og detaljrike scener (f.eks fallande dominobrikker, matematiske formlar som blir "droppa" frå bombeflyet osv) blir illustrerande eksempel på dialogen som går føre seg.
<< Home |