<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Saturday, December 18, 2004

Livets Bok

Riisnæs
Jula er vanlegvis ikkje vår mest kreative periode. I skamlaust fråtseri vogger vi ofte rundt som brølande julegrisar med fett på skjorta, alko i kroppen, uforståeleg ego og ein ulideleg trang til å kaste buksa og bælje ironisk med på svisken macarena. Voksne menn gjennopplever barndomsgleder og ruller dresskledd rundt i snøen saman med kompisen Jack Daniels medan eldre kvinner flørtar med ungkvalpar i Taxikø og blir ungpike-hysterisk når avslaget er eit faktum. Jada, det er vel slik vi vil ha det er det ikkje? Men juletid er og lesetid og mange benytter denne perioda til å kose seg framfor peisen med ei god bok, ei bok som gjerne er utgjeven i året som har gått.

Etter å ha konsumert ein rekkje gamle Donald-pockets, og funne ut at det framleis er fantastisk moro med teikneseriar, fant eg ein tilsynelatande interessant biografi i bokhylla til mine foreldre. Ein Psykobiografi, må vite. Mannen den omhandlar bør ikkje stå som eit forbilde for nokon. Biografien er ført i pennen av Nils Johan Ringdal og den geniale tittelen på boka er "Gal Mann Til Rett Tid - Sverre Riisnæs - En Psykobiografi" (1988). Denne mystiske personen Sverre Riisnæs var ein paranoid norsk justisminister under 2.verdskrig. Han var antisemitt og rasist på sin hals og eit populært medlem av Nasjonal Samling, og i følge Ringdal var Riisnæs overbevist om at raude nissehuer var eit teikn på kommunistisk infiltrasjon i Norge. Riisnæs viste liten medkjensle i retten og dødstraff blei ofte underskreven for personar som blei definert som ein trussel for den tyske ekspansjonen. Det stridast om Riisnæs sjølv var direkte involvert i henrettelsar, men fleire har vitna at dette var tilfellet mot slutten av krigen. Etter krigen blei Riisnæs, i likheit med sine frender i NS stilt for retten der han unnslapp dødsstraff p.g.a si mentale helse. Riisnæs var riktignok skuldig i å ha begått makabre forbrytelsar mot menneskeheita, men sjølv blei han stempla av retten som for "gal" til å kunne drepast. Som "straff" blei han dømt til behandling ved Reitgjerdet sjukehus der han kunne kose seg med sin galskap. I ettertid kunne Riisnæs skryte av sitt "skodespel" i rettsalen og omtalte seg sjølv som "den største simulanten verda har sett". Riisnæs fikk eit langt liv og døde 21.Juni 1988 i ein alder av 91 år.

Biografien gir eit interessant bilde av privatpersonen Sverre Riisnæs og forfattaren har gjort eit massivt innsamlingsarbeid i forkant av utgjevelsen. Store mengder taler, intervjuer og dokumenter har blitt gjennomgått av Ringdal og det biografiske puslespelet har blitt satt saman på velukka vis. Forfattaren ønsker på ingen måte å glamorisere Riisnæs sitt liv og handlingar, men ei heller å demonisere og umenneskelegjere han, noko som utelukkande er eit postivt grep. Ein kan sjølvsagt spørre seg om biografien som litterær sjanger gir eit røyndomsnært bilde av den aktuelle personen, eller om forfattaren i for stor grad legg ut på ei skjønnlitterær reise i fantasiens teikn. Vi har for eksempel setningar som denne:

" (...) Hos han hadde det nå dannet seg et mønster for løsning av psykiske kriser: Realitetsflukt - skuespill - og plutselige sammenbrudd. Og denne tretrinnsmodellen tok han med seg til senere kritiske faser i livet" (s.48)

Med tanke på at vårt livsløp kan oppsummerast i enkle setningar, og det faktum at det finnast universitetsfag som er oppretta ut av tanken om å oppdage strukturar ved menneskeleg adferd, kan slike setningar synast naturlege nok. Ringdal hevdar å ha belegg for sine påstander og vi som lesarar har ikkje forutsetningar for å betvile dette. Men litt merkelig, komisk til og med, er tanken på din eigen biografi som ville kunne oppsummere ditt livsløp i setningar du sjølv ikkje har formulert, tankar du aldri har tenkt, handlingar du aldri har utført osv. Ofte har biografier blitt utgjeven etter at vedkommande senkast i jorda og såleis ikkje blitt utfordra av hovudpersonen, men i dag blir biografier ofte skriven medan personar er i live og vel så det; ja til og med Harald Eia har fått si historie nedskreven i slike oppsummerande setningar.

Korleis vil min biografi bli sjåande ut da? Ingen anelse, men la meg sjølv opplyse til forfattaren at dagen i dag har vert totalt uviktig. Ingen revolusjonære tankar har sveipa innom mitt barnesinn, ingen handlingar har skilt seg ut som særleg uvanlege og ingen avgjerande personar har komt inn i mitt liv og forandra mitt syn på verda rundt meg. Tipper dagen i dag er ganske lik dagen i morgon, bortsett frå at udugeleg musikk og altfor stor rus kan få meg til å kaste buksa på byen, det er tross alt juleferie.