<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Wednesday, December 08, 2004

7/11 og ondskapsfulle hersketeknikker

Bisarr morgenopplevelse i dag. Skulle nå den tidlege Vestlandsbussen og stilte vekkerklokka på 6.45. Du er eit planleggingsgeni Marve; Her skal det bli tid til både kaffe, boller og websurfing på morgenkvisten, tenkte eg dei siste minutta før eg slokna i natt. Aargh, kva er det som skjer. Eg befinn meg oppreist midt på golvet og må gni augona tre ganger for å skimte mi digitale klokke. 7.11am og alarmen ringer. Morgenstress, kva med dei lekre bollane, kva med svart morgenkaffe, kva med websurfing? Ingen tid til å tenke, må huje meg avgårde mot bystasjonen. Medan eg spring får eg plutseleg vanvittig lyst på grillpølse, nam det hadde gjort seg. Har tross alt ein lang busstur foran meg. Gode grillpølser, slike ein kjøper på 7eleven på sein nattestid. Jada, eg rekker kanskje...... Hei, vent litt, pølselyst? 7eleven? Dette luktar konspiratorisk. Våkna eg ikkje nettopp av alarmen i dag nøyaktig klokka 7.11, og no siklar eg etter svidde grillpølser og vurderer å gå på 7eleven.

Har det vert folk frå 7eleven på rommet mitt i natt? Kanskje stilte dei klokka fram på det gunstige tidspunktet 7.11 og tåkela rommet mitt med dufter frå eit oransje gatekjøkken? Har mine draumar blitt teken over av kaldblodige markedsføringsdjevlar som styrer meg i retning av mediocre varer til groteske prisar? Og kan dette på eit eller anna vis henge saman med at eg sist helg blei nekta servering på 7eleven klokka 7.11 om søndagsmorgenen (tja, ca klokka 7 vel wooof?)Mannen bak disken hadde kanskje eit litt merkeleg uttrykk i ansiktet. Det var som han advarte meg om ei redsleg framtid samtidig som han bryskt avviste meg pølser.

Denne historia bør vel sikre meg en plass på eit obskurt TvNorge-program vel? Kanskje fint plassert mellom Åndenes Makt og Biker-Jens på nye eventyr.