Mafiapop
Gårsdagens Sopranos-episode var fenomenal som alltid, men kvelden hadde og sitt preg av høglydt irritasjon. Kvifor? Det intetsigande trendmagasinet PlanB var tidlegare i år uansvarlege nok til å røpe ein viktig flik av handlinga, noko som gjorde at ein av gårsdagens begivenheiter riktignok ikkje kom som eit "element of surprise" (sjølv om dei fleste Sopranos-lovers nok hadde rekna med at dette ville skje før eller seinare). Jaja, det er kanskje litt nerdete av meg å bry seg om dette, men folk som finn det for godt å servere handlinga på eit sølvfat før den har blitt utspelt, kan grave eit stort hol i bakken og vitje sine likesinna. (Judas, Hitler, Salieri etc)
Medan vi likevel er inne på temaet reklame på radio, kan det vere hyggelig med ein link til det svenske firmaet PopCatcher. Svenskane har utvikla software som skal skjerme oss for ondsinna reklame og generelt tåkeprat på radioen. Planen er at denne programvaren skal integrerast i mp3-spelaren, heimestereoen, bilstereoen, mobiltelefonen, og gjere det enklare for deg å ignorere Se & Hørs nye reklamespot og den trønderske skravlinga til Are & Odin. Hür funker det? Man stiller inn radioen på dugbar frekvens, trykker på PopCatcher-dingsen, går rundt eit par timar og er samfunnsnyttig, og kjem tilbake og trykker play-knappen. Når du då er ute og hjelper gamle damer over gata, filtrerar PopCatcher ut alt som ikkje kan definerast som musikk (noko som og er eit definisjons-spørsmål), og lagrar så denne musikken på din stereo. Ergo kan du slenge deg på sofaen, skru på radioen og høre gladtoner, utan å måtte bekymre deg over at låtane blir avbrotne av narsissistiske radiosjelar som skal snakke om dagens fashion. Neida, her trillar låtane vidare utan plagsomme opphald.
Absolutt nyttig teknologi, men eit par moment til bør nevnast. Det ser ut til at ein ikkje kan tilføre denne programvaren sjølv i eksisterande annlegg, og at ein f.eks må kjøpe seg ny mp3-spelar som har denne teknologien innbakt for å kunne benytte seg av tilbodet (men eg er ikkje heilt sikker på om det stemmer). Kommersielle radiokanalar spelar som regel udugeleg musikk, og det er lite trivelig å bli bombardert med hits frå Max Martin sin popfabrikk. Dette kan så klart ordnast med å velge seg ut radiokanalar som ikkje baserar si speleliste på artistsalg åleine. Folk ønsker vel og å vite kven artisten som spelar er, noko dette produktet antakeligvis ikkje opplyser om på sitt display(?) Dessutan er det vel neppe sannsynleg at så mange spelarar vil få denne teknologien, då det sikkert ikkje blir vurdert som "økonomisk gunstig" for nokon partar. Grøss og gru!
Dette innlegget har blitt snekra saman etter å ha lest om PopCatcher på Adbusters.no (flotte folk) samt heimesida til det svenske firmaet. Men det er ikkje ein plagiat. Trikset er så klart å omformulere det ein les, og ikkje gjere det altfor åpenbart kor materialet ditt er henta frå. Thihi.
<< Home |