Clear Channel
Det Texas-baserte medieselskapet Clear Channel Communications eig i dag 1225 radiokanalar og 37 fjernsynskanalar i Usa, og er gråtassen innanfor kommerziell radio. Dei spelar hovudsakeleg lettfatteleg popmusikk, henvender seg til yngre lytterar og støttar opp under "pro-war rallies" når det måtte passe seg. Hyggeleg gjeng? Det synast i alle fall ikkje eksentriske Howard Stern som blei suspendert av Clear Channel, etter eige utsagn for å kritisere president George Bush og hans Irak-fadese. Under krigen organiserte ein rekkje amerikanske radiokanaler (tilfeldigvis var alle under eigerskap av Clear Channel) store patriotiske marsjer som støtta opp under invasjonen, og framtredande radioaktørar som blant andre Rush Limbaugh og Sean Hannity (pretty-boy som også er talkshow-vert på fjernsynskanalen Fox) var i ekstase over den historiske begivenheita. Selskapet er og legendarisk for å ha donert 1,4 millioner kroner til det republikanske partiet i perioda 2001-2002, men hevder sjølv å vere nøytrale i det politiske landskapet.
Ser du ein storslagen reklameplakat medan du er ute og rusler i byen har den som regel blitt hengt opp av aktørar som jobber for Clear Channel-Norge, og kjøper du ein konsertbillett av Gunnar Eide Concerts, (jada, C.C har eigerinteresser også der) kan det vere at enkelte kroner går direkte til det republikanske partiet i Usa. Huff, for ein hets da. Er dette tåpeleg raddis-vrøvl som er urettferdig ovanfor hardtarbeidane og snille aktørar innanfor mediebransjen? Tviler litt på det, men sidan eg er snill skal eg komme med ein positiv betraktning om Clear Channel heilt til slutt. Selskapet ønsker at du, etter ein gudommeleg konsertopplevelse, skal få moglegheit til å kjøpe med deg eit live-opptak (bootleg) av konserten like etter at den er slutt og ta den med på nachspielet og mimre med gode venner. Fornøyeleg forslag spør du meg.
<< Home |