<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Saturday, December 25, 2004

Julegaver

Som alltid var det ein lett tilbakelent gaveutveksling på julaften og flotte kulturprodukt blei overlevert i familien. Til min bror gav eg første sesongen av Twin Peaks, som utan å vere eit særleg originalt valg falt i veldig god smak. Men som alle antropologer vil argumentere for; ei gaveutveksling er ikkje fullbyrda før det er skapt ein proposjonal balanse i verdi mellom det ein gjev og det ein får. Du må aldri høyre på ei mor som hevdar å ønske seg "snille barn" til jul. Ei eller anna vare som er fysisk overleverbar forventar ho uansett. Veldig takknemleg blei eg då min bror klinka til med romanen De grunnleggende bestanddeler (Michel Houellebecq) og pc-spelet The Case of The Silver Earings (Sherlock Holmes-adventure). Han sluttar aldri å overraske den fyren.

Men litt gavedryss skal det og bli på lesaren som kan sjå eller laste ned min julevideo med tittelen Jul 2004 - Jakten på den perfekte gran (ca 15mb). Det heile er fanga med eit digitalt fotoapparat og musikken i bakgrunnen er ein lo-fi eigenkomponert sak som bør kunne passe inn i Marve og Bostons Starry Sky Sessions over nyttår. Eg synast i alle fall filmen er litt morosam.