Mannen i svart
Vi studentar har gjerne lyst på fest og moro. Dessverre kan alskens innleveringsfristar redusere vårt naturlege uteliv på Ugla. Vi har rett og slett ikkje tid til den hedonistiske oppførsel, vi er gryande vitenskapsmenn for pokker. Mange kan då benytte seg av den akk så berømte klipp-og-lim-metoden i sine oppgåvebesvarelsar. Vi hentar ting frå andre for å lette vårt eiget arbeide. Ikkje reknar vi dette som tjuveri og ikkje ser vi på det som reint personlege tankar. Det er heller ein idè om at andre personar har sagt ting så veldig bra før at det er lite poeng i å forandre på den opprinnelege tanken. Ei smule omformulering må riktignok til, i alle fall viss originalmaterialet ditt er skreven på språk som engelsk eller dansk. Jada, vi kladder nedpå ein rekkje mindre heldige setningar og eventuelt ein skrivefeil i ny og ne for å gjere det til vårt eige verk. Etter at oppgåva har blitt levert går vi på byen og ferierar og våknar opp neste dag i angst for at sensor vil oppfatte vårt arbeide som juks og fanteri.
Sånn kan kvardagen fortone seg for ein student. Andre yrkesgrupper kan nok og kjenne til dette dilemmaet, til dømes (spesielt) journalistar. Kanskje var det tanken om ein duggfrisk på Tostrupkjelleren som gjorde at denne nekrologen om Johnny Cash blei raska saman på ganske lettvint og tidsbesparande vis. Tilsynelatande gjekk produksjonen litt for hurtig for seg, noko mine raude klammer kan vere eit bevis på. (denne Cash-artikkelen blei etter kort tid erstatta med ein oppdatert versjon, men ikkje kjapt nok til unngå falke(no pun intended)-blikket til i1277) Artikkelen er ikkje rein avskrift av det opprinnelege presseskrivet til Associated Press, men orkar du å gå nøye til verks vil du oppdage at store tekstbolkar her kun har fått ein ørliten make-over. Poenget er uansett at klipp-og-lim-metoden kan vere ein god venn i mange faser av livet, uansett om du kjempar mot deadline i Dagbladet eller vil bli ferdig med ein likgyldig eksamensoppgåve. Men samtidig må ein hugse på å gjere desse små endringane som igjen vil gjere opphavet utydeleg nok til å godkjenne ditt produkt som eit sjølvstendig arbeid.
Dette innlegget har ein viss klisjêaktig stil. Vi møter den maskerte bloggaren som representerar den femte statsmakt og forsøker å rette kritikk mot den fjerde. Han vil ha ei rettferdig verd og ropar slagord som; "Gi oss sjølvstendigheit i norske aviser","Dagbladet: Kopièr bak murene" og klassiske strofer som "Alt var betre før" eller "Alle kan utføre sviket". Men eigentlig ser eg ikkje dette som eit stort svik mot nasjonen. Ingen av oss kan vel påstå at vi aldri vil ta enkelte snarvegar og komme opp med småtvilsame løysingar viss situasjonen krever det. Avis-artikkelen har stor informasjonsverdi uansett om den utelukkande bygger seg på formuleringar andre har komt opp med. Samtidig skal ein ikkje gløyme at artikkelen henviser til diverse kjelder journalisten har brukt, sanneleg eit smart knep av vedkommande. Trist er det uansett at Johnny Cash måtte forlate oss før han var fikk fullføre alle sine musikalske prosjekt.
<< Home |