For spesielt interesserte
For ein som lenge har holdt Fredag den 13-serien som eit ironisk høgdepunkt i amerikansk skrekkfilmproduksjon, er det med litt sitring at det oppdagast at ein ny bokserie om Jason Voorhees og hans skumle mordhensikter snart blir tilgjengeleg. Første bok ut er The 13th #1: Church of the Divine Psychopath, som med ein fortreffeleg tittel og ikoniske coveromslag gir forhåpningar om herleg grøss og gru også i bokform. Denne gangen blir Jason framstilt som gudeskikkelse av ein bisarr religiøs kult, men når heltane i SWAT-team gjer sitt inntog, må han kjempe ein blodig gerilljakrig mot alle partar. Vi får håpe at det skrevne ord bulmar over av elendige klisjear, solide dosar av intertekstualitet og latterleg humor, slik ein har blitt så komfortabel med på lerretet.
Den skotske filmen My Name is Joe er regissert av Ken Loach og var sanneleg ingen enkel film å komme seg gjennom for ei enkel sjel med klare bakrustendensar. Her følger vi Joe, ein tørrlagt alkoholikar og fotballtrenar, som etter ein del uheldige begivenheitar må forsøke redde stumpane av eit krøklete kjærleiks- og familieliv. Nevøen Liam står fast i narkogjeld til den lokale pub-baronen, sosialkontoret truar med å stanse trygdeutbetaling etter at Joe blir tatt for svart arbeid, samtidig som hans "Object Of Desire" (Sarah) får panikk når ho oppdager at Joe leflar med lumske kriminelle handlingar på fritida. Ei temmeleg beinhard samfunnskildring frå ein døsig skotsk landsby som nesten fikk meg ut av fatning eit par gongar.
Det blir og spennande om TvNorge-serien Lost kan leve opp til dei voldsomme forventningane som er bygd opp av ein kjenning av meg på Infovit. Når startar forresten gildet, eg har vel ikkje gått glipp av første episode? Nåja, Tv er som kjent ikkje livet.
Er det dumt med for mange bilder på bloggen forresten, tar det merkbart lengre tid å laste ned og blir det uinteressant flashy? Har kun med bilder av estetiske årsaker må vite.
<< Home |