<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Monday, January 10, 2005

Yéyé, La La, Yeah Yeah, Heia Heia


Yéyé-bølgen (av det engelske hurraropet Yeah-Yeah) var ein musikalsk ungdomskult/stil i frankrike på 60-tallet. Kulten konsumerte lettfattelig lokal tyggegummi-pop av kvinnelege artistar som France Gall (den søte og fargerike), Françoise Hardy (student-typen), Sheila (det uskuldige ikonet), Brigitte Bardot (ikkje so uskuldig) og Sylvie Vartan (den profilerte popstjerna). Utøverane i Yéyé-sjangeren henta inspirasjon frå britisk og amerikansk 60`s pop, anglo-amerikanske beat-artistar og jentegrupper, men tilførte og pop`en ein særeigen fransk vri (Viva La Chanson). Gamle tradisjonelle kostskulelåtar blei forkasta til fordel for ultrakommersielle og groovy Austin Powers-svingande popstrukturar. Franske ungdomar opplevde sin eigen Beatles-mania og gjekk fullstendig bananas til låtar som "Salut Les Copains", "Avant la Baggare" og "Il est tout por moi". Sjølv om Yéyé var ein relativt kortvarig bølge (og i dag nesten gløymt hevdast det), hadde den innflytelse på aktørar som til dømes Serge Gainsbourg, Jane Birkin og meir moderne aktørar som Scott Walker (U), Air, St.Etienne (GBR) og Phoenix (forøvrig grufulle dei to siste, men verdt å nevne likevel)

Tidlegare har eg (halvt ubevisst kanskje) oppfatta fransk pop som snobbete overklassemusikk; ei kjedelig smørje som henvender seg til det overlegne intellektet framfor den folkelege popfoten. Fransk pop spør du? Taffelmusikk for rødvinsdrikkande reklamefolk med ambisjonar på teaterscena. Ein klassisk "meg mot resten av verda" tankegang. Men etter å brukt dei siste dagane til å få ei innføring i fransk 60-tallsmusikk er det kanskje på tide å moderere seg litt. Misforstå meg ikkje, søppel vil du finne flust av også her. Ofte kan det nok bli i overkant "Voi Voi" og "Helene og Gutta" over det heile, men likevel ventar godsakene på å bli oppdaga. Mitt tips er difor å benytte seg av denne jukeboksa og høre bråter av fabelaktig 60-tallspop (+ endel psyche og garagerock.) Når du så er ferdig med å lytte til dei 82 låtane kan du ta turen til næraste platebutikk og kjøpe hauger med fransk trekkspelmusikk, Noir Dèsir og eventuelt litt Klezmer, og kose deg med tanken om at du høyrer på omtrent same musikk som marve denne veka.

bon appétit

(les meir om fenomenet Yéyé og aktuelle artistar på denne hyllest-sida)

 Posted by Hello