"Cinema of Attraction" (Helga 14-16 Januar)
Zatôichi (Takeshi Kitano 2003)
- Min fasinasjon for bloddryppande fektefilmar er begrensa. Zatôichi fenga ikkje med sin estetiserte vold. 130 personar får smake sverdet, men ingen dør på lik måte. Heldigvis forsøkte den seg ikkje på åndeleg mumbo-jumbo. Filmen er vakker å sjå til, men huff så kjedelig. Får meg til å lengte etter ein normal nevekamp. Karakter 4/10
Dog Soldiers (Neil Marshall 2002)
- Britisk varulv-grøss. Udugeleg dramaturgi, dårleg skodespel og uinteressant plot. Stereotype karakterar, ingen utradisjonelle twister og få betagande scener. Karakter 3/10
Mumford (Lawrence Kasdan 1999)
- Behageleg romatisk komedie i avslappa tempo. Verbale ferdigheiter, rikt og variert karaktergalleri, lattermilde forviklingar. Litt treg i starten og ein smule klisjeaktig avslutning trekker ned, men alt i alt ein fin oppleving. Karakter 7/10
Ice Age (Chris Wedge 2002)
- Skuffande sett i forhold til Shrek, kanskje litt for barnslig og "søt" til tider. Visuellt sett strålande, brukbar historie og pedagogisk riktig. Denis Leary fungerer godt, "Alle elsker"-Ray Romano blir småkjedelig. Greit nok over heile flisa. Karakter 6/10
Super Size Me (Morgan Spurlock 2004)
- Aldri meir McDonalds. Fantastisk idè, avskyeleg kroppsleg forfall, ganske velukka og underholdande dokumentar. Lattermilde scener, hysteriske karakterar, til tider lite progresjon. Aldri ondskapsfull. Styrt av prisverdig agenda. Viktig, men ikkje utan ein viss overdriving. Hurra. Karakter 7/10
De Grønne slagtere (Anders Thomas Jensen 2003)
- Grotesk og ekkel svart dansk komedie om å servere mennesker til middag. Litt Shallow Grave-aktig. Herlig umoralsk, artige tag-lines, søt pige og grei historie. Ein økologisk fornøyelse, samtidig svært dansk. Jada, dansk duger framleis. Karakter 6/10
Clerks (Kevin Smith 1994)
- Årets første VHS smaker fortreffeleg. Klassisk "snakkefilm". Utan mål og meining. Fantastiske rolletolkningar av eit 30-talls karakterar. Svart/kvitt taler kvalitet. Kevin Smith i sine bedre dagar. Ein uvurderleg skatt av ein film, absurd spennande dialog og enkel og stilfull kameraføring. Litt svak slutt forhindrar full pott. Karakter 9/10
Deep Rising (Stephen Sommers 1998)
- Klassisk TvNorge-film, altså ubrukeleg. Skal vere ein grøssar, men mislukkast totalt. Monster er mutering av kjempeblekksprut og ein kjøtetande plante, moro nok det. Latterleg gjeng skodespelarar som aldri blir berørt, pinlege dialoger og altså ei solid tidtrøyte. Der andre hovudpersonar i alle fall har bråkjekke tag-lines som "Yippie ka ye Motherfucker" har helten her kun ein; "What now?" Kalkunkarakter 1/10
<< Home |