Lesesalsdilemma

Er jenter flinkast til å unngå denne bavianoppførselen, eller er det gutane som er flinkast i klassen?
I løpet av den knappe timen eg opphaldt meg på lesesalen blei døra åpna og lukka 39 gonger. Om ein person gjekk ut samtidig som ein ny kom inn vil kun sistnevnte få sin plass i undersøkinga. Av desse 39 personane var det ei ganske jamn fordeling av kjønn (20 jenter og 19 gutar). Går vi litt nærare til verks var 9 jenter hyggelege nok til å lukke døra rolig og pent medan heile 13 gutar gjorde det samme. Motsatt var det 11 jenter som lot døra eksplodere i eit kakafoni av støy medan kun 7 gutar følgte den same taktikken. Vi ser altså klare kjønnsforskjeller her, men neppe klare nok til at denne Hellevik ville godkjent det som ei allmennyldig sanning.
Mest interessant var det derimot å merke at jentene var flinkast til å smelle døra medan dei kom inn i rommet, medan det var omvendt med gutane som oftast var rolige på veg inn, men usmakeleg stressa og bråkete når dei sprang ut. Det fikk meg til å undre over ein bråte vanskelege spørsmål;
- Smeller jenter med inngangsdøra for å få nødvendig oppmerksomheit frå dei "andre"?
- Smeller jenter med inngangsdøra fordi dei ikkje tenker på sine lesesalskompanjonger?
- Smeller jenter med inngangsdøra ubevisst?
- Smeller jenter med inngangsdøra fordi dei er meir stressa enn gutar?
- Smeller jenter med inngangsdøra fordi dei ikkje ser "forbrytelsen" med å smelle?
- Smeller gutar med utgangsdøra etter tankegangen: "ute av syne, ute av minnet"?
- Smeller gutar med utgangsdøra for å markere at territoriet er forlatt?
- Smeller gutar med utgangsdøra for å vise mannleg styrke?
- Smeller gutar med utgangsdøra ubevisst?
- Smeller gutar med utgangsdøra for å henge med andre jenter som også smeller?
Vi kan i alle fall konkludere med at lite produktivt arbeid blei gjort på lesesalen i dag heller, men nye sjanser kan by seg i morgon den dag, med eller utan smelling.
<< Home |