La linken leve
I den nystarta Things I hate about my Flatmate møter vi ein skribent som tydeligvis bruker bloggmediet for å få utløp for sin voldsomme aggresjon. Det å opprette ein blogg utelukkande for å kritisere sin hybelbebuar har utvilsomt eit humoristisk potensial, men samtidig verkar det nok ein smule patetisk og unødvendig. Kanskje ein tanke å finne seg ein ny kåk?
På den obskure nettsida Blog of Death kan vi lese relativt grundige nekrologar over kjente og ukjente personlegheiter. Også her er det vanskeleg å skjønne kva som har inspirert til temavalg, men det er i det minste ikkje presentert på ein ondskapsfull og usømmeleg måte.
En veldig delikat musikkblogg med navn The Rock and Roll Report vil heretter stå på mi faste leseliste. Personen bak oppdaterer hyppig, har stor kunnskap om herlig indierock og skriv underhaldande og interessante innlegg.
Ei anna musikkside det kan vere verdt å sjekke ut er norske Hissig.no. Sjølv om den ikkje akkurat har hatt lang levetid, og difor er litt tom og innhaldslaus forløpig, tyder likevel dei utlagte tekstane på ein gjeng skribentar med gode språklege formidlingsevner, vid og variert smak, samt stor entusiasme og glød over det å skrive om musikk på nettet. Kun framtida vil vise om det siste punktet stemmer.
Er du fan av Dub eller Reggae, men udugeleg til å håndtere nødvendige instrument kan denne sida vere gøy i eit par minutt.
Det har sikkert blitt linka til fleirfoldige ganger før, men har kan du altså sjå traileren til dokumentaren Blogumentary av filmskapar Chuck Olson. Planen var at heile bloggefilmen ville bli gjort tilgjengelig på heimesida til Chuck til fri streaming eller nedlasting for alle interesserte. Andre som har info om dette fortsatt er ein plan?
Tåpeleg av meg å ikkje gå på filmen Searching for The Wrong-Eyed Jesus (Link til Trailer) på fjorårets Biff-Festival. Den virkar suveren og er akkompagnert av ypperleg filmmusikk som 16 Horsepower, Johnny Dowd, Jim White etc. Skikkeleg sørstatsrock altså. Filmen må anskaffast.
Nostalgi er fine greier. Her er ein ganske stor og underhaldande video om dataspel på 90-tallet. Klassikarar som blant anna King's Quest, Railroad Tycoon, Indiana Jones, Monkey Island og The Games: Winter Challenge blir her vurdert frå eit naivt 90-tallsperspektiv. Nesten rørande å sjå korleis personane i filmen, med gutteaktig entusiasme, innbiller seg at dei har utvikla det ypperste av det ypperste innanfor home-entertainment. Noko som forsåvidt stemte den gangen, for akk så lenge sidan.
Helga skal nytast på best mulig måte
<< Home |