by:Larm fritt etter hukommelsen - Første dag
Det er få ting som slår det å vandre rundt på musikkfestivaler med eit nøye planlagt, men likevel til tider svært urealistisk tidsskjema. Som regel går då og den opprinneleg konsertodyseèn i vasken, anten fordi ein overhøyrer velsmukkande toner frå små tilfeldige krikar og krokar, blir verbalt overfalt av personar som vrøvlar hardnakka om "must-see" artistar, eller må skrinnlegge konsertar for eksempel på grunn av logistiske vanskar eller generell latskap. Slik var og tilfellet på årets By-Larm, denne gangen arrangert til okey vær i oljebyen Stavanger. Mange konsertar blei slukt under By-Larm, her er enkelte av mine inntrykk:
Torsdag:
Enkelte valg var likevel enkle å foreta. Opningsdagen skulle på ingen måte tilbringast under p3-sessions på uteplassen Folken (plass til ca 700 personer - alt for lite denne dagen viste det seg), der meir "kommersielle" artistar som til dømes GÅTE, CHRISTER KNUTSEN, ANNIE og MADRUGADA visstnok fikk stemninga verkeleg i taket. Interessante artister alle som ein, men hovedpoenget med By-Larm er vel å få med seg det nye og ukjente; dette potensielt "friske pustet" i musikk-norge som under festivalen er i starten av sitt eventyr? Det var i alle fall det ultimate målet for dagen, utan at eg kan seie at mine forventningar blei oppfylt i alt for stor grad. Første band ut var den energiske Follo/Oslo kvintetten RUMBLE IN RHODOS, eit tidvis fengande band som befinn seg i eit slags no wave-hardcore-punk-landskap. Mykje på grunn av den hyperaktive vokalisten Thomas Bratlie, var dette eit relativt spennande bekjentskap, sjølv om middels lyd, tidvis einsformig låtmateriale og eit heller labert publikumsoppmøte (alkoholfritt), ikkje medførte den knallkonserten ein kunne håpe på. Potensialet er likevel til stades.
Vi fortsatte turen i sann hardrock-ånd til Tromsø-bandet THEE MONO SAPHIENS på Javel Scene som leverte ukomplisert garagerock til ein liten men ivrig fanskare. Det mest underhaldande med konserten var muligens den dresskledde vokalisten som med sin breiale stil og tunge og "old-time"- mikrofon framviste stor ro på scene og kom med morosame kommentarer som skapte humring blandt publikum. Musikalsk sett var det likevel uoriginal rock som blei servert (Sonics, The Hives etc), og det var nok få i publikum som gjekk svett frå lokalet til neste konsert. Det var for meg Ørsta/Bergen-bandet NINTH (som tidlegare gjekk under navnet WOO) i klamme lokaler på Checkpoint Charlie. Ninth har forøvrig fått produsenthjelp av Andrew Scheps (Johnny Cash, Michael Jackson, Jay Z m.m) på Ep`en Evolver der mange av dagens låtar var henta frå. Styrt av den meget imponeranande gitarhåndteringa til Geir Sætre og stødig vokal av Per Helge Lande, vekslar bandet mellom eksperimentell og eksplosiv hardrock og meir melodiøse og fluktige popmelodiar. Strukturen i låtane er infløkte og uvante og krever så definitivt eindel av lyttaren, men på sitt aller beste har bandet det som skal til for å tre ut av det anonyme øvingslokalet og ut til publikumsmassene.
Eit besøk til våre nordiske singer/songwriter-venner Kristoffer Åstrøm og Teitur måtte skrinnleggast til fordel for ein svipptur innom Røde Sjøhus og ein hyggeleg konsert med Stavanger-bandet SYME. Snart aktuelle med ei rykande fersk debutplate, innspelt i gotiske omgjevnader i Hulen, Bergen, leverte dei ein knall konsert beståande av ein form for Mogwai-aktig eksperimentalrock (dvs: rolig og innadvendt....så bombastiske gitarbrøl...rolig..brøl etc), krydra med små pensla strøk av gitarjazz og elektronika. Sjølv om bandet fortsatt har endel å gå på i låtsnekrings-biten, har dei definitivt funne ein appelerande sjanger å boltre seg i. Det blir spennande å følge med på den vidare utviklinga for Syme. Dagens absolutte høgdepunkt fikk vi likevel i den lokale "outsideren" SIRPLUS, eit melankolsk folkpop-ensemble (tenk Damien Rice og Ray LaMontagne, pluss eventuelt litt Hank Williams) som skapte magiske stemning på fotballpuben Martinique. Her var det derimot ingen primalhyl av United og Chelsea-fans, men ei rolig og behageleg pubstemning i første rekke skapt av den framifrå vokalisten og tidlegare kunst-studenten Trond Hansen. Vakkert og romantisk, melankolsk og melodiøst, SirPlus var nok bandet som gleda meg mest denne kvelden. Som siste band på programmet stod så THE SUBSTITUTES, (med søte Silje Salomonsen frå Mongoland på fiolin), som rører rundt i eit skranglete bråkepop-landskap med brukbare melodier utan å skape den verkelege godkjensla i meg. Heilt kurant med andre ord.
(en bloggeregel er at poster skal vere korte. Dag to og tre vil difor komme som eigne poster)
<< Home |