I kongens klær
Som liten pjokk var eg svært glad i å "leike" krig. Spenninga var stor når eg kunne jakte ned ein kamerat med ein sofistikert luger, tunge maskingevær, rambokniv med kompass, elegante ninjastjerner eller grønne granater. Det var som regel meg som sto for distribusjon av våpen til mine kompisar, fordi mitt arsenal var bortimot utømmeleg. Enkelte i min omgangskrets likte å gå på dansekurs, andre hoppa stille lengde på friidrettsbana. Vi andre rusla derimot rundt i den mørke skogen og underholdt oss sjølve med denne formen for liksom-krig. Det var ikkje ønsker om ei framtidig millitærkarriere som fikk oss til å feste pistolbeltet. Det var ikkje trangen til å forsvare vårt dyrebare fedreland mot lumske fiendar som fikk oss til å trekke ut splinten av granaten. Det var ein ufarleg leik på lik linje med sisten eller boksen går. Det var ein barnsleg fantasiaktivtet fylt med all den underhaldning som verkar tiltrekkande på unge sinn. Det var også ein hobby som vi vokste av oss når vi nærma oss ungdomskulealder.
Når eg så kom i den alderen at millitæret trengte mine tjenestar, stempla eg meg sjølv som pasifist og militærnektar. Det å tilbringe eit år av livet tilbake i skauen underlagt militær tvang, verka på ingen måte forlokkande på meg. Det å gjere nasjonen ei tjeneste gjennom lære seg å håndtere potensielt dødelege våpen verka meiningslaust. Det å gå gjennom ei helvetesveke for å utvikle sin karakter verka paradoksalt. Eit slikt valg møtte sjølvsagt motstand blandt enkelte i vår lille bygd. Kommentarar som: "Du er vel ikkje pasifist, du er for lat for millitæret, du er så "chicken" (med påfølgande kyllinglyder så klart). Slike "maskuline" kommentarar fikk eg av og til slengt etter meg fordi eg valgte å ikkje delta i det høgverdige millitærmaskineriet. Det var på ein måte oppfatta som ein plikt å opptre i kongens klær, og valgte du kyllingstien fortjente du så klart nokon verbale svingslag. Bygda har utvilsomt fostra ein gjeng med tåper.
Det har seg likevel slik at mange av mine bekjente har vert i forsvaret, og noko av desse hevdar at den perioda var svært uproblematisk, ja det var til og med ein svært lukkeleg tid. Ingen grunn til å tvile på det. For det er nok mange grunnar til at folk har det strålande i millitæret. Dei får blandt anna lov til å "leike" med dyre ting som smeller, får vennar og bekjente frå fjærn og nær, får ta gratis utdanning, sertifikater eller kurs, og kanskje kjensla av å fylle ei viktig samfunnsmessig rolle. Greit nok det, kvar sin smak. Personleg valgte eg å ta avstand frå dette millitærmølet, noko eg er veldig glad for i dag.
Poenget med innlegget var å anbefale anti-krigsfilmen Hearts and Minds (1974), Oscarvinnaren som gjev ei rystande framstilling av amerikansk involvering i Vietnam. I staden for fikk vi denne nettdagbok-aktige posten utan mål og meining
<< Home |