<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Wednesday, April 06, 2005

Den raude fare som popkultur i tre delar



1. Kommersielt fjernsyn og viktig landskamp

Når ein halvslapp reklame-kanal håvar inn ekslusive rettigheitar til norske fotball-landskamper er det mange oppmerksomheitsøkande fiskar som gnir sine klamme hender. Kommersielle annonsør veit at det siklande fotballpublikumet er relativt trufaste mot kanalar som viser barske menn drapert i rødt, kvitt og blått. I alle fall trufast nok til henge med dei to-tre timane det tek å gjennomføre ei fotballsending. Reklamespotar fyllast difor med produkter som ein "typisk" supportar (stereotype trekk: mann, 20-40 år, fast inntekt frå grei men småkjedeleg jobb, sans for lettare fjernsynsunderhaldning, hektisk helgeliv, favorittmat: biff, favorittleske: øl) kjenner seg komfortabel med.

Ikkje nødvendigvis at slike karakteristikkar stemmer overens med den faktiske situasjonen, men henvendelsemåten frå annonsørane levnar liten tvil om at det er slik supportaren blir oppfatta. Ut i frå ein lumsk idè om økonomisk avkastning er det difor naturleg at reklamepausene blir ei omfattande smørje av Heineken, Subaru, McDonald's og AC/DC, eller øl, bil, kjøtt og hard-rock om du vil. Tv-kanalen vil heller ikkje la det økonomiske gullpotensialet renne ut i sanden, og velger då å la skamlaus sjølvprofilering av eigne program avbryte den saklege (sakleg som kun Fjørtoft og Solér kan det) debatten i studio. For den som ikkje fikk med seg det unødvendige stuntet in question bestod det av moroklumpen Asgeir som under live-sendinga boltra seg med motorsag og reklamerte for den kommande visninga av ekstremt duste-tv. (Det er greit med fotball, men husk.........). Det er i slike rennestein-aktige stunder ein oppdagar kor glad ein faktisk er i radarparet Scheie og Olsen.

2. Fra kjølig fotball til kald krig

Det å utnytte ei slik idrettsbegivenheit til markedsføring av meir eller mindre fornøyelege produkt, verkar uskuldig i forhold til absurde situasjonar under den kalde krigen. Side om side med apokalyptiske mareritt om svevande atombomber, blodraud terrorisme og kommunistiske familiemedlemmer, auka omfanget av ein ofte salsinnretta trash-kultur som ville tjene pengar på ei slik gruande frykt. Det gjaldt å smi atombombe-hjarnet medan det var varmt.

Var du tørst etter ein lengre spasertur stod The Washington Press Club Bar rede til å servere ein forfriskande "atomic coctail", og ønska du litt burlesk underhaldning etter jobben kunne tvilsomme establisement tilby deg vakre "atomic dancers" for ein billig peng. Kjøpte du Kix frokostblanding til dagen derpå fikk du ein ring forma som ei atombombe på kjøpet, og ville du vaske bilen kunne du sanneleg få ein solid "atomic car wash". Var du lei av å møte på ordet "atomic" på kvart gatehjørne tok du kanskje turen til den lokale kinoen der det var visning av filmar som Day the World Ended, Duck And Cover og Invasion USA. Om katastofefilmar ikkje var din cup-of-tea og du heller ønska å slappe av med litt heftig musikk kunne minneverdige låtar som I`m Gonna Dig Myself A Hole, There's A Power Greater Than Atomic og Get That Communist Joe jekke opp humøret.

3. Etter tørrpratet kjem poenget med posten

På nettstaden Conelrad.com finn du ei imponerande samling fakta og bilder av spennande produkt og ofte absurde propaganda-brosjyrer som vart tilgjengleg under den kalde krigen. Tanken om at tragediar kan fungere både som underhaldning og vere økonomisk gunstig, var ikkje tapt for denne kreative gjengen. Visste du forresten at The Beatles med sin herlege pop ønska å hypnotisere amerikanske ungdommar til å svike heimlandet og bli reinspikka kommunistar? Hm, kanskje på tide å nærlese tekstane til Love Me Do og Please Mister Postman.