Fredselskande musikk
Dagens fredsdemonstrasjon på Torgallmenningen var iskald og tidvis ganske folketom, men ein god nok grunn til å skippe ei tilfeldig fotballtrening for 7 divisjonslaget vel? Kven fortjenar eit spark bak: fotballen eller Bush-administrasjonen? Nåja, før det bryt ut i verbalt slagsmål er det vel best å skifte tema. Det har generelt blitt lite musikksnakk på denne bloggen, noko eg heretter (tja, ein gang i blandt) skal prøve å kompensere for med å framheve herlege artistar eg meinar fortjenar litt publisitet. Ein del av linkane går til sider med mp3s, om du ønsker å lytte.
Atom And His Package
Atom Goren er ein humoristisk skrue. Med forskrudd syntheziser, punkgitar, pompøse samplingar og bizare tekstar spelar han den deiligste powerpop`en i manns minne.
Dan Bern
Dylan-kopi med minst to fabelaktige plater bak seg (Dan Bern -1997, New American Language – 2001). Play that harmonica boy!
Geoff Berner
Canadisk trekkspel-klezmer, utsøkte voggeviser og fyrrige drikkehymner. Geoff er ofte på ”loffen” i Bergen og Oslo og held gjerne ein konsert for deg. Suverene mp3`s tilgjengeleg på heimesida.
Frog Eyes
Pompøs, mørk og skranglete indie-rock med sterk eim av musikken til Tom Waits og Nick Cave. Hyling i sirkusånd, atonale og klaustrofobiske gitarharmoniar, vill og svettande perkusjon, men med storslagne melodilinjer fint plassert inne i støyen. Anbefalt plate: The Golden River ( 2004). Mp3-snacks får du ved å følge bandnavn-linken.
Paul Robeson
Amerikansk sanger med fabelaktige innspelingar av tradisjonelle ”negro spirituals” i første halvdel av 1900-tallet. Særleg omstridt på grunn av sine politiske preferansar, men både musikken og politikken er vel verdt å ta til seg.
Jeffrey Lewis
Anti-folkar og forfattar frå New York med tilhøyrande teikneseriar til musikken sin. Urbane historiar formidlast på akustisk gitar, og med ein viss punk-attitude, stream of consciousness-tekstar og engasjerande vokal. (pst; sjekk også ut Ish Marquez – ein annan anti-folkar) Er du interessert kan du gjerne høre Lewis formidle ein morsom medley av punk-historia på 9 minutt.
Rocky Votolato
Ung amerikansk singer/songwriter med utsøkt hes stemme, levande tekstar og eit godt pophjerte. Og for eit bråkjekt navn. Er Rocky den nye Damien Rice kanskje? Anbefalar forøvrig ep`en Light and Sound og albumet Suicide Medicine.
Tenderloud
Dansk ørkenrock før øyrer komfortable med Sixteen Horsepower, Calexico, Nick Cave etc. Er du ein ensom desperado på jakt etter melankolsk og vakker musikk anbefalast Tenderloud.
Ugly Cassanova
Soloprosjektet til Isaac Brock frå eminente Modest Mouse. Skranglete og kul musikk. Fyr opp albumet Sharpen Your Teeth frå 2002 og kos deg i påska. Kuriøs opplysning; tekstane på albumet er visstnok skreven av ein temmeleg sprø fan ved navn Edgar Graham.
Youth pictures of Florence Henderson
Dette trønderbandet er i særklasse det beste du vil finne på Urørt. Saman med Samuel Jackson Five kanskje det mest lovande eg har høyrt på lenge. Frå svevande drømmepop på sporet A list not to be, til deilig instrumentalrock på Owls on Stage og nydelege Smiths-aktige perler på Game Set Match; dette er finfine saker.
<< Home |