Verda er ei scene
Legg ned Tv2-nyheitene brølte nyleg medieprofessor Rolf Høyer då han fikk spørsmål om sitt beste sommarminne. Nei, dette skal vere eit koseleg portrettintervju herr Høyer, stotra den unge journalisten, kan du ikkje heller fortelle om din første sommarflørt? Legg ned Tv2-nyheitene freste Høyer igjen, denne gangen med endå meir styrke og patos, det var som om orda ville gi evig vibrasjon i rommet. Men...men vær så snill Høyer sa journalist-traineen, vis meg no ditt kristne hjertelag, kan du ikkje heller fortelle om ein artig badeopplevelse, smaken av friske jordbær med fløte, søte badenymfer, postgirobygget eller arbeidet på familiefarmen? Legg ned Tv2-nyheitene, repeterte Høyer for tredje gang, tydeleg i harnisk over denne uvesentlege samtalen. Journalisten måtte deretter reise slukøra tilbake til redaksjonen og innrømme sviket.
Dette var så klart ei tøysete og fullstendig usann dramatisering inspirert av både Ibsen og Strindberg. Men den har i det minste eit bittelite bloggmessig poeng. Høyer sitt hovedbodskap er at Tv2-nyheitene er skandaløst noninformative og ynskjer å fjerne dei frå kanalen si sendeflate. Det er liten tvil om at Tv2-nyheitene har eit stort forbedringspotensial, men å gå så langt som å rope etter nedleggelse, er etter mi meining å dra det litt vel langt. Vi kan då ikkje la NRK dominere nyheitsbildet åleine. Uansett, la medieprofessorar og nyhetsredaktørar kjempe sine verbale slagsmål i VG, det perfekte forum for enkel og spissformulert underhaldning. Her på bloggen skal det snakkast meir generelt om dramaturgi og formidling av nyheiter.
TV-nyheiter, som all tv-produksjon, er styrt av ei rekkje gjennomtenkte konvensjonar og dramaturgiske logikkar. Tilfeldigheitar er ein uting, tabber ei kardinalsynd (sjølv om det er morosamt for publikum), og langtekkeleg og kjedeleg fjernsyn ei økonomisk fallgruve. Skal publikum tilbringe si dyrebare tid framfor boksa (eller GUD som enkelte kallar den) er det naudsynt for personane på skjermen å fingerspisse sine bestemte roller. Ikkje minst er dette tilfelle under nyheitsendingar. Nyheitsankeret skal ideelt sett, som autoritativ formidlar av viktige hendelsar, ikle seg si mest seriøse, opplyste og velartikulerte drakt. Ankeret skal på mange måtar vere inngangsporten til livet utanfor vårt umiddelbare synsfelt, og opplyse oss om kva pokker som skjer i verda. Ein opinionsledar for folket i så måte.
Men la oss fokusere på sjølve den visuelle og auditive framføringa til nyheitankeret. I likheit med skodespelarar på den Nasjonale Scene i Bergen må formidlaren av nyheiter beherske kunsten å tale tydeleg, kunsten å formulere seg naturleg men ikkje altfor folkeleg, kunsten å la ansiktuttrykket samsvare med graden av alvor i nyheitsaka, kunsten å forføre publikum med sitt hypnotisk stikkande blikk og kunsten å sørge for at nyheitsaka jamnt over følgjer dei klassiske aristoteliske prinsippa med opning, midte og avslutning. I samtale med andre personar på skjermen vil ankeret bevisst bruke aktive håndbevegelsar (bevegelsar som antydar interesse for temaet som diskuterast) som eit retorisk uttrykk for å vise at vedkommande "tek debatten" for det heimesittande publikum. Samstundes vil ankeret benytte seg av små talemessige varisjonar for å sprite opp ein samtale som går litt i stampe. Dette foregår ved at ankeret i hurtig frekvens gjentek første ordet i eit spørsmål (men men men men men....er det ikkje slik at...), gjennom å auke volumet på eiga røyst når kontroversielle spørsmål nærmar seg kjerna. Eit anna teatralsk triks er å le og humre i to små sekund etter at eit innslag har blitt vist. Formålet med dette er å styrke "live-kjensla" til publikum, og vise at nyheitsankeret er ein aktivt observerande person som interesserar seg for stoffet som presenterast.
Via utsøkte Boing Boing, som igjen henviser til denne bloggen, kom eg over ein merkverdig video som viser ein amerikansk nyheitsdesk som "øver" seg på eit omfattande terrorangrep som inkluderar både pest, sjølvmordsbombing og annan jævelskap. Den 30 minutt lange videoen (bit-torrent fil VNN) kan vere vel verdt å sjekke ut for den som har lidd seg gjennom dagens altfor lange innlegg. For å servere godt fjernsyn til publikum kan det vere fornuftig å øve seg på forhånd i tilfelle tragedien utspelar seg. Videoen viser med all tydeligheit at dramaturgien synast vere i orden (j.fr den aktive håndbevegelse, det hypnotiske blikket, den repeterande opninga på spørsmål). Om det derimot er så godt fjernsyn får vere opp til medieprofessorar å vurdere.
<< Home |