<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Wednesday, April 27, 2005

Boksebok

aliAtlanta-Ol 1996: med fakkelen i si sjelvande arm fyrer Muhammad Ali opp den olympiske suppeskåla. Eit sukk av lettelse runger mellom sponsorar, fjernsynssjefar, tv-publikum og det patriotiske amerika. Ali, folkets idrettsmann, sterkt redusert av sin Parkinsons-sjukdom, leverer her den beste olympiske prestasjon sidan Ole Gunnar Fidjestøls fabelaktige hopp-med-fakkel-stunt under OL på Lillehammer i 1994. Han har seira igjen. Men ikkje alle er like fornøgde. Utanfor stadioen demonstrerar ei lita gruppe mennesker mot det dei oppfattar som ei hyklerisk kommersiell omfavning av ein idrettsmann som så ofte tidlegare fikk møte hatet frå mange av sine kvite, rasistiske landsmenn i sport og presse-verda. Men med ilden som blussar opp over Atlanta By får Ali heile verdas søkelys på seg nok ein gang, 22 år etter legendariske Rumble in da Jungle.

Den amerikanske forskaren Mike Marqusee gir i boka Muhammad Ali og frigjøringskampen på sekstitallet (Oktober Forlag) ei fabelaktig skildring av den munnrappe boksaren og hans hardtslåande bravader både i og utanfor ringen. Marqusee serverar ei mangesidig skildring av ein ekstraordinær person som med sin kontroverselle stil sportsleg og ikkje minst politisk blei eit lysande symbol på svart frigjering i sitt heimland. Boka tek for seg viktige begivenheitar i Ali`s liv i denne perioda, deriblandt hans innhopp i den frykta politiske organisasjonen Nation of Islam, den høglydte motstanden av Vietnam-krigen, møtet med den smule radikale Malcolm X og møtet med den litt mindre radikale Martin Luther King.

Men dette er vaskeseddel-preik, det finnast så klart langt meir å hente her. Forfattaren gjev oss for eksempel historia om Jack Johnson, ein farga boksar tidleg på 1900-tallet som kom til å vere ein stor inspirasjon for Ali og den unike framtoninga han hadde i det offentlege rom. Johnson var ein stolt, glamorøs og velståande boksar med ei noko arrogant personlegheit. Ved å openlyst meske seg med kvite kvinner i sitt daglegliv, gjennom å flotte seg med juvelar, diamantar og "pimp"-dressar, og gjennom til stadigheit slå knock-out på kvite boksarar, blei han oppfatta som ein reell trussel for mange vonbrotne kvite menn som ønska evig segregering. I pressa og i sportsverda blei Johnson til stadigheit angrepet på det grovaste, og særleg New York Times har lite å vere stolt av her. Den herlege vokalisten, skodespelaren og leftwing-aktivisten Paul Robeson som Manic Street Preachers har lagd ein slik fin sang om blir og nøye fulgt i starten av boka, det samme med Elijah Mohammad (ledar for Nation of Islam), ein nær venn av Ali og faktisk den som omdøypte han frå Cassius Clay.

Men det er så klart Ali som er hovudpersonen her. Sjølv om dette er ei bok som tilsynelatande omhandlar den grufullt kjedelege sporten boksing, må du ikkje la deg skremme. Boksinga blir i høgste grad tilsidesatt til fordel for eit innblikk i livet til ein av dei mest omsnakka idrettspersonlegheitene i vår historie samt eit dykk inn i sosiale, politiske, religiøse og popkulturelle strømningar under denne perioda. Kos deg med denne.