<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Saturday, May 07, 2005

Ut av Colorado Denver

denver
The Denver Gentlemen er eit av mine favorittband gjennom tidene, på tvers av sjangerar og uavhengig av tidsepoke. Ein triveleg revolusjon tok til i mine Britpop-infiserte øyrer første gang eg høyrte dette Denver-bandet svinge seg med sin fengande rockabilly/klezmer/sirkus/crooner/country-musikk, synge om papegøyer, skrekklige kvinner og relgiøs tru. Ånei, er dette prog spør du; Tolkien-inspirert kunstmusikk skapt av uorden, psykdeliske substansar og velsigna av shamaner på Tuva? Ta det med ro mann, dette er ikkje prog. Denver Gentlemen er eit utsøkt soundtrack for ditt liv, anten du bor i Hammerfest eller Arendal, anten du jobber på Rema1000 eller er toppsjef i Røkla.

Kanskje du no vil lytte litt? På heimesida har likegodt bandet gjort heile sitt debutalbum fritt tilgjengeleg for nedsanking. Der vil du og finne covermateriale som du kan printe ut, viss slikt er viktig for deg. Litt bittersøtt er det derimot at Denver Gentlemen sannsyneligvis aldri vil halde konsertar utanfor Denver. I dag har fotballaget mitt storfest for å få råd til å betale rekningar. Eg burde så klart vert på Bender’s Tavern i Denver i dag og hoja etter Vulture Girl og The Blue Parrot, men ender nok i ein kåk med hunder som høyrer på Trygve Thue om att og om att og om att. Dra meg i gang.