Fight for your MTV - Why?

Canal Digital har beslutta å fjerne MTV i hovudsak grunna utførte marknadsundersøkelsar. Etter å ha spurt eit representativt (hevdast det i alle fall) utval av publikum om sine kanal-preferansar konkluderte ein med at MusicVideoTelevison ikkje appellerar i stor nok grad til å vere verdig ein plass i dette kanal-hierarkiet. Folket har altså talt - MTV er ikkje så raft som ein skulle tru på forhånd. I tillegg til folkets hårde dom over MTV er nyetablerte The Voice ein langt billigare kanal å kjøpe inn, noko som sjølvsagt kan ha påverka beslutninga. MTV er naturleg nok rasande på dei forekommande endringane - ingen likar vel å bli danka ut av nye yngre krefter (sjølv er eg i ferd med å erkjenne at eg snart er for gammal for ei suksessrik fotballkarriere i Ipswich Town). MTV poengterar riktignok at det var ein ujamn, udemokratisk representasjon i undersøkinga, ved at kun 8% av dei spurte var under 30 år og hevdar at ein slik neglisjering av kidsa medførte ein uriktig røyndomskildring. Det er lett å kunne seie seg einig i det.
Men likevel kjem ein ikkje unna faktumet at store delar av folket har markert seg negative/likgyldige til MTV. Sorry Dire Straits - snart skrik nok alle etter The Voice på sitt fjernsyn (ytterst tvilsamt).Det er uansett lett å forstå at MTV ikkje lenger har den gudestatusen blandt musikkvideoentusiastar som den hadde for eit tiår tilbake. Eit minstekrav til ein 24-timars musikkanal må vel vere at den fokuserar på sjølve musikken og sendar meir ein eit par timar musikkvideoer om dagen? Det verkar i alle fall naturleg for meg. Svippar du innom MTV ein vilkårleg dag i veka er du ganske heldig om du får oppleve ein rullande musikkvideo. Det du derimot får servert er flust av tåpelege reality-konsept der popstjerner gjøkjar seg til (The Osbournes,The Ashlee Simpson Show, Newlyweds, Meet The Barkers), der unge menn festar straumkablar på sine testikler og spyr på kvarandre (Jackass, Team Sanchez), der tenåringar går på skjultkamera-date og får pengepremie om dei når heilt til second base (Wanna come in?), der frodige syngedamer jamrer seg over sitt strabasiøse sminkeliv i MTV si eiga dagbok (MTV - Diaries), der boyband konstruerast på avskyelig vis (Making the band) og der dei største artistane flasher sine luksuriøse slott, sine 40 par sneakers og sine storslagne gullfontener på alle soverom (Cribs). Enkelte ting her riktig underhaldande ja, men likevel så tanketomt og overfladisk at det ikkje er merkeleg at sjåaren blir desperat etter nye alternativ.
Er alt dette våset verdt å kjempe for? MTV meinar så klart det, og adapterar den lukka knyttneven (Black Power-protesten under OL i Mexico City i 68) som sitt kampsymbol i si internettkampanje. Det er nesten så ein blir reven med og får lyst til å rope av full hals: Viva La Resistance - leve alles MTV. Før ein oppdagar at det finnast langt meir fornuftige ting å gjere i livet, f.eks å lufte hunden, vatne plantane, kose seg med sin kjære eller å legge kotelettar på familiegrillen. God sommar!!
<< Home |