<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Monday, June 13, 2005

The Scene - eit drama om piratkopiering, chatting og paranoia

scene
Godter du deg over Jack Bauers heseblesande jakt på terroristar i 24, føler du mild sympati med Tony Soprano og hans strabasiøse liv som mafiaboss i Sopranos, fryder du deg over Ben Hawkins magiske evner i Carnivàle, humrar du lett over familien Fishers utradisjonelle livsførsel i Six Feet Under, irriterar du deg over mangel på mystikk og surrealisme i survivor-føljetongen Lost og draperar deg i eit uvaska western-kostyme under visningar av Deadwood? Da er du sannsynelegvis ganske glad i tv-serieformatet. Det er lett å forstå, alle desse showa har ibuande kvalitetar som kan friste ein stakkar til å kanselere sosiale avtalar i det verkelege liv. Kanskje er det dumt, ja kanskje er det regelrett tåpeleg, men blir ein avhengig av ein kvalitetsserie kan sjølv ti ville hestar slite med å få deg med på bypils, fjelltur, fotballtrening eller andre likandes aktivtetar. Sorry, i dag har dessverre fiksjonen forrang.

Den oppdikta historien The Scene vil derimot neppe komme på ein tv-skjerm nær deg; det er nemleg ein online-serie om piratkopiering som oppdaterast med ein fersk episode ca kvar tredje veke. Serien er skapt av amerikanske Jun Group Entertainment som tilbyr lovleg musikk, filmar og spel til alle som bruker nettet som ein gigantisk fornøyelsespark. I skrivande stund har vi komt til episode ni av The Scene, med den neste like rundt hjørnet. Det er derimot ingen problem å laste ned alle viste screeningar for den som ynskjer å halde seg oppdatert i dramaet som utspelar seg. For opplysninga si skuld kan det nevnast at dramaet inneheld lite eksplosjonar og kule skotvekslingar og er renska for muskuløse menn og barmfagre kvinner. Dette er relativt stilleståande greier og vil sannsynelegvis ikkje falle ein adrenalinjunkie i smak.

I serien møter vi NYU-studenten Brian Sandro (mirc-nick Drosan) som er med i det lite men annerkjente pirat-nettverket CPX som har spesialisert seg på å "rippe" og legge ut Hollywood-blockbusters på nett før filmane får sine offisielle visningar. Vår presentasjon av Brian foregår ved at vi kikker gjennom web-kameraet hans og får følge med på alle chat-utvekslingar i no-tid. Tilsynelatande går alt greit. Piratvennane til Brian, som han aldri har møtt i levande live og ikkje kjennar identiteten til, opptrer som ein samansveisa gjeng som koser seg med å levere varene til lengtande fildelarar. Det er tilsynelatande statusen med å være først ute med det største som er motivasjonsfaktoren, ikkje eit ynskje om å tjene pengar på sine aktivitetar.

Gjennom å lese chat-samtalene som foregår på skjermen får vi tidleg vite at Brian sin far har blitt råka av eit mildt slag og familien har komt i økonomiske vanskar. Brian ser sitt snitt til å hanke inn naudsynt cash gjennom å pleie kontakt med sin asiatiske chat-buddy Luckychi2203, eit ledd i kjeden som sørger for at bootleg-materialet blir spredd på gatene i Singapore. Dette er såklart svært hysj-hysj-greier som Brian må halde skjult for sine kompanjonger Teflon, Pyr0, Slipknot, C0da (visst nok frå Norge) og Trooper. Sistnevnte oppdager likevel sviket og legg eit stort press på Brian. Klarer Brian vidare å halde styr på alle chatteboksene han har på sin desktop og unngå å sende sensitive opplysningar til feil person? Kva skjer så når ein i nettverket blir avslørt som muldvarp for FBI? Er nettverket i ferd med å sprekke og vil lovens lange arm til slutt vinne kampen? Og kva med Melissa, kjæresten til Brian som alltid skal logge inn og kozzzechatte når paranoiaen i nettverket er på sitt verste. Dette er utvilsamt drama på høgt nivå. Det er nok likevel ein fordel å ha brukt ein del tid på webchatting for å fullt ut ta til seg hendingane på skjermen.

Som nevnt blir historia formidla gjennom web-kamera og chatbokser. Det heile er likevel formidla på ein usedvanleg intelligent og realistisk måte. Karakterane på skjermen (nokon episoder blir formidla gjennom web-kameraet til andre personar på nettverket) både gjespar,snakker i telefon, hører på musikk i Itunes og går på Boingboing for litt avslappande underhaldning mellom pirat-slaga. I likheit med vår daglegdagse chatting er det ikkje fritt for at skrivefeilar opptrer både her og der og når setningar blir formulert og omformulert gang på gang nikker vi gjenkjennande. Slike ting er så klart med på å styrke autensiteten i showet. Andre artige ting med serien er til dømes når uvedkommande kjem inn i rommet medan filmar er i ferd med å utvekslast og hovudpersonen svarer halvt desperat "ah you know, just chilling...." på spørsmålet wassup? Sjølv om det er tydeleg at besøk var det siste han trengte akkurat i dette augonblinken.

I FAQ`en til showet står følgande:
Q: You guys are fakes! The Scene is just some sort of anti-piracy propaganda!

Og ja, livet som filmpirat blir heller ikkje framstilt som ein dans på roser i denne serien. Her er paranoiaen sterk og angsten for å bli avslørt høgst tilstades. Men som skaparane av serien påpeiker i sitt svar:

A: The cops haven't caught Brian yet, have they?

Det blir utilsamt spennande å sjå korleis ein serie som dette vil ende.