....har du høyrt at jentungen til astrid er gravid med guttungen til kåre...
Denne mobilterror-kommentaren i VG-bloggen er interessant på fleirfoldige nivå. Journalisten vil med innlegget lufte sin irritasjon over personar som er frekke nok til å forpeste det offentlege rom med høglydt og triviell mobilskvaldring. På sine mange fly, tog og bussreiser krever skribenten at medpassasjerar anten skrur av sine mobiltelefonar, snakker i normalt stemmeleie eller i det minste gir oss som lyttar på samtalen noko spennande å høre på. Slik oppfattar i alle fall eg essensen i dette svakt formulerte og ikkje-ironiske protestinnlegget.
Meir generelt er innlegget prega av ein stil og eit tankemønster ein ofte finn i vevens mange debattforum, i nettdagbøker og på webloggar; det handler om å fritt kunne påpeike og kritisere lyter, laster og problem ved andre mennesker. Det handlar om å definere andre mennesker etter deira mange svakheiter. Ikkje minst handlar det om å markere for andre at ein sjølv ikkje lid av slike lyter, laster og problem. For å kunne heve seg over den allmenne berm er det naudsynt å formulere klare motsetningar mellom deg og det resterande pakket. Slike ytringar har antakeleg ein slags katharsis-effekt på skribenten; ein åndeleg renselse av skribentkroppen som får spydd ut sitt hat mot framande som opptrer både uansvarleg og tåpete.
Men hold on a sec. Prøvar Marve her å hetse journalisten Øverby fordi Øverby i innlegget hetsar andre - betyr ikkje det at foregåande avsnitt kan vendast tilbake mot Marve som ein quasi-galopsk bummerang?
Jau, definitivt. Vi driv alle med ein skjult form for snobberi når vi publiserar våre haldningar på nettet. Som maskerte og umaskerte superheltar serverar vi våre sjølvopplagte svar på alt frå den store stygge tidsklemma til Branns lagoppstilling i cup`en. I språket elskar vi å kritisere andre for deira disposisjonar, valg eller synspunkter, men er ofte krakilsk motvillig til å la kritikken ramme vår eigen gigantiske mage. Ta en tur innom VG Nett sine politiske trådar for å boltre deg i skrekkeksempel.
Når det går på Øverby meinar han tydeligvis at alle mobilterroristar bør få tilbod om eit kurs i skikk og bruk for å bli skrudd saman riktig. Sjølv er eg av den oppfatning at journalistar bør bruke bloggformatet til meir viktige ting en å spikre saman platte kommentarar om høglydte mobilbrukarar. Det er vel eit større problem enn å måtte overhøyre ein samtale om bestemor Runas kjøttkaker og lærer Olaugs vanskelege fødsel.
Så kan ein argumentere for at det finnast betre ting for ein bloggar å gjere enn å kritisere platte kommentarar om trivelle mobilkommentarar som uansett er så platt at det tydelegvis er agurktid for både Gud og kvarmann.
<< Home |