<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Tuesday, August 16, 2005

Samtaler ved videohyllene

nerderAlltfor ofte har eg og kompisar stått i den lokale videosjappa med krøkete rygg, hendene i korslagt stilling, med tunga usjarmerande langt ute og eit blikk som hurtig flakkar over hyllemeter på hyllemeter med dårlege amerikanske High School-filmer. Vår samvetskvalande trang til å "dyrke" det elendige kulturuttrykk er ein gudegave til alle infantile filmskaperar der borte i statane som står klar til å spy ut sine platte sex-komedier. Den Lacan-inspirerte psykologen vil kanskje kalle slike filmval ein sunn form for maskulint samkvem. Den marxistiske kultursosiologen vil kanskje beteikne filmvalet som ein protest mot sosietetens legitimerte kunstuttrykk, medan den forbispaserande turisten Johannes Motu ser valet som ein konsekvens av det turbokapitalistiske samfunn som, iblanda religiøst vrøvl om evig pine, skjærseld og auge for auge-logikken, skaper skremte og desillusjonerte barn med trang til lav-kulturell tryggheit. Ikkje veit eg. Kanskje vi kan få ein peikepinn ved å lytte til denne samtalen som absolutt kunne ha foregått blant meg og mine:

Lokasjon: Videosjappe/burger-hangout i ei gudsforlat bygd

Ole ( Med boblande entusiasme): Med på denne? Filmatisering av Crime and Punishment. Riktignok er den produsert for tv og har derfor litt grelle fargar, men det er tross alt Dostoyevskij vi snakkar om her....

Dole (Kort pause, potensiell gjesping): Nja, orkar ikkje låne kunstfilm i dag

Dole (Manisk, høglydt): Wow, kun 600 kroner for Star Trek-boksa. Sikle sikle?....

Ole (Oppgitt, småkvalm): Helvete heller. Sci-fi får du låne aleine....

Doffen (Seriøs, kvikkas): Denne her skal vere god, milevis bedre enn den dustete versjonen med Buffy ( peikar på filmen The Grudge)

Ole og Dole (Høfleg avvisande): mm, kanskje det ja....

Dole (Lattermild, nostalgisk): Haha, kanskje vi skulle låne denne igjen? ( han løftar fram ultradårlige Mumien 2)

Ole og Doffen (Lattermild): Hoho...( lukta av trashkultur er i ferd med å feste seg)

Doffen (bråkjekk, men seinare svikefull): Stopp søket!! Dagens film blir utvilsomt denne. Ånei... ( vippar fram Dr Strangelove, men inser for seint at det er en utdatert vhs-versjon. Plasserar den så klart på feil plass)

Ole (Grådig lei): The Passion of The Christ?

Dole (Grådig lei): Historisk ukorrekt kristen-propaganda

Dole (Grådig lei): Sin City ?

Ole og Doffen (Grådig lei): Sett den før

Ole (Usannsyneleg lei): 21 Grams

Doffen (lei): Altfor seriøst på ein søndag

Doffen (euforisk): Aah karamba, sjekk ut denne (High School-filmen 100 Girls)

Ole, Dole og Doffen (I kor): Herre Jemini, tanketom, klisjefylt og oversekualisert underhaldning servert på knappe 90 minutt, med idiotisk plot, heite damer og barnslig humor. Er det tvil? Så klart ikkje. Vi går for denne.

Og for den som skulle vere i tvil. Filmen var som vi forventa (og håpa på) eit stort makkverk.