<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://draft.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Tuesday, August 30, 2005

Latterleg post

latter
I dagleglivet blir det sett på som ufyseleg praksis å le av gamle menn som glir på eit bananskal og skadar den pjuskete kroppen sin. Slik offentleg bølleoptreden skal ein sjølvsagt halde seg for god til. Men blir ein vitne til det same i ein 25-minutts sit-com kan ein som regel la dei slappe lattermuskelane riste seg så lenge, og så hardt ein berre maktar, utan skam. For at du ikkje skal føle deg einsam med din groteske skadefryd er slike seriar gjerne akkompagnert med eit heftig laugh track; eit eksternt kor av godslig latter som varslar deg når det er på tide med humring og når det passar seg å forsegle kjeften. Eller lattermaskin som det også kallast.

Er tv-sjåaren slik ein stakkarsleg kvalp at han treng forast med slike overtydelege instruksjonar for oppførsel? Vil manglande lattermaskin medføre alvorleg svekka dømmekraft, underutvikla sanseapperat og ein siklande apatisk reaksjon? Så klart ikkje, men ein kan sikkert grave fram folk som støttar slike synspunkt. Den harde realiteten er likevel at dei fleste komi-seriar som blir vist på skjermen har eit innebygd soundtrack av latter, hiksting og hojing. Anten du likar det eller ei. Riktignok har geniale seriar som til dømes Curb Your Entusiasm, The Larry Sanders Show og The Office hatt stor suksess utan å ta i bruk lattermaskin, men desse er i klart mindretall. Ein kompis av meg mislikar forresten desse seriane fordi dei har for mykje "klaustrofobisk stillheit" og "flaue handlingar", og han blir stort sett fysisk uroleg av sjå på desse seriane. Han savnar tydelegvis den utløysande effekta av velbehag som gruppelatter kan ha på kroppen.

9 September 1950 var ein merkedag i så måte. I eit desperat forsøk på auke sjåarratinga kom tv-serien The Hank McCune Show (som stilmessig har blitt samanlikna med nettopp nevnte The Larry Sanders Show 1992-1998) til å bli den første som brukte lattermaskin. Serien blei til tross for dette ein kortlevd affære, i bunn og grunn fordi den visstnok var frykteleg dårleg. I etterkant av McCune kom likevel fleire komi-seriar til å inkorporere latter (både live i studio og på boks), og nåde den som ikkje lo av gamle menn som sklei på bananskal. Ville du vere nokonlunde hipp måtte du halde følgje med brølet frå massene.

Norsk fjernsyn (og særleg TvNorge og Tv3 som alltid serverar oss program av høg kulturell standard...ahem) har i mi levetid sendt mange latterlege amerikanske seriar. Som barn av åttitallet har eg vokst opp i ei tid då latteren har blitt påtvinga meg av ytre faktorar, anten det er av noverande que-card-boy Truls Nebell eller eit testpublikum i Nebraska. Fritt etter hukommelsen kan eg ramse opp eldre situasjonskomedier som M*A*S*H, Hermans Hode, Taxi, Happy Days, The Cosby Show og Alf, ferskare traverar som Seinfeld, Friends, Cheers og relativt nye tilskot som That 70's Show, Everybody Loves Raymond og According To Jim. Utvilsomt seriar av varierande kvalitet, men alle med eit felles kjenneteikn; det instruerande laugh-tracket.

Uansett om ein likar det eller ei (og sjølv er eg ingen umiddelbar fan lenger), det ser ut som denne tradisjonen ikkje går av moten med det første. Latter er ein fellesaktivitet og når du høyrer andre bryte ut i høglydt brumming er du sjølv meir utsatt for smitte. Dagens utvilsomt ironiske oppfordring blir altså: len deg tilbake i sofaen og le deg skakk i hel av dagens episode av Mot i Brøstet-etterfølgaren Holms. Du er aldri åleine.