Ein oversett mockumentary?

The Story Goes......
Det tidlegare legendariske punkbandet Hard Core Logo har reunion-konsert for sin o store punk-mentor Bucky Haight, som etter ein freaky skotepisode måtte ambutere begge beina. Konserten blir ein formidabel suksess og bandet bestemmer seg for å legge ut på ein lengre turne for å nyte fruktene av dette freske samarbeidet. Men livet på landevegen blir naturlegvis ingen dans på roser. Grådigheit, latterlege egotrippar, ulikt ambisjonsnivå og stadig aukande friksjon mellom den Johnny Rotten-esque vokalisten Joe Dick og den geniale gitarhøvlar Billy Talent førar til store konfliktar på vegen. Desse gjev rom for mange hysteriske scener ispedd ein god dose brutal humor. Uhøgtidelege og tidvis fantastisk fengande låtar som Who The Hell Do You Think Your Are?, Something's Gonna Die Tonight og Edmonton Block Heater herjar soundtracket i denne filmen. Det er på ein måte kremverka i Hard Core Logo si innhaldsrike karriere. Tøysesanger så klart, men simpel punk tatt på kornet.
Som ein oppfinnsam markedsførings-gimmick kontakta McDonald ein rekkje kjente kanadiske artistar for å lage eit tribute-album til dette fiktive bandet, med seriøse coverversjonar av låtane som er med i filmen. Dette blei så utgjeven i samband med lanseringa av filmen. Albumet var med på skape illusjonen om at Hard Core Logo var ekte vare, og mang ein stressa platebutikkansatt måtte forklare kravstore kundar at bandet kun eksisterte på lerretet. Skal det vere mock så skal det vere mock.
Riktignok skal det innrømmast at det er fleire år sidan eg sist fikk sjansen til å sjå denne filmen. Minnene om den er i ferd med å falme, ting er sakte men sikkert i ferd med å i gløymeboka. På detaljnivå huskar eg heller ikkje særleg godt dei ulike scenene. Men på tross av dette kjenner eg savnet. Savnet etter dei forunderlege dialogane, dei catchy og halvdumme låtane, dei velvalgte svart-kvitt bildene, det hysteriske persongalleriet (Joey Ramone har ei finfin gjesterolle), lattermilde inside-jokes og dei kanadiske landskapsstemningane. Det er som å gå gjennom ein nostalgisk knockout av gode kjenslar.
Nok preik, eg er overbevist. Denne filmen må anskaffast
<< Home |