<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Friday, October 28, 2005

Dodgy - Homegrown

dodgy At det britiske 90-talls bandet Dodgy skulle revitaliserast her i kåken måtte vel skje før eller sidan. Sjølv om Dodgy nok aldri har vert eit favorittband var eg fullstendig klar over at skiva Homegrown ein gang ville stå fram i full blomst og injisere skrotten med harmonisk og deilig popmuzak. Skrotten har no endeleg blitt injisert, og det kjennast ulideleg godt.

I desse idol-konstruerte tider kan følgande making the band-konsept anbefalast til Ole i Dole og kompani: Ta tre glade hippiar og plasser dei i ein bo-bil. La deilig 60-talls pop og den komplette Beatles-diskografien snurre på platespelaren. Gi kvar og ein av dei ein vellydande gitar, men pass på at hippiane også klarer å traktere andre slagkraftige instrument. Før opp fleirstemt vokaløving på timeplanen (dette vil over tid gjere underverker). Overbevis gjengen om at ba-ba-ba-refreng er ein nødvendigheit i moderne catchy pop-musikk. La ikkje alvoret ta overhånd, dette skal vere moro. Understrek dette ved å forlange lystige trompetar og små elektroniske koselydar som krydder. Til slutt sprer du om deg med litt inspirasjonsrik tøysetobakk og håpar på det beste. Eventuelt kan du kutte ut dette vaset med å skape tv-idoler av gråstein og heller samle saman Dodgy til reunion, ny plate og heftig turnering i Norge.

Flesteparten av oss vil aldri komme opp på Dodgy sitt nivå. Men gøyalt er det likevel å forsøke seg med små amatørmessige pop-låtar. Komposisjonen The Dogs er dagens musikalske tidsfordriv. Den kan du lytte på her.