<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Wednesday, November 09, 2005

Tonene av 2005

Når året smyg seg mot slutten er det på høg tid å reflektere. Å reflektere kan ofte være ein traurig aktivitet, sjeldan forbundet med kos og hedensk moro. At enkelte eksistensielle spørsmål dukkar opp når gatene blottlegg sin stygge julepynt er naturleg. Sidan vi (dessverre ikkje) kan rase rundt på kloden uten mål og meining, kan refleksjon hjelpe oss med å forme våre deilege framtidsvisjonar. Uansett om det er gørr kjedelig.

Men i dag skal derimot refleksjonen være av den lystbetonte sorten. Det er på tide å klø seg i skallen, fiske fram tastaturet, og la dei beste platene frå 2005 motta eit velfortjent klaps på skulderen.


The NationalThe National - Alligator
Catchy og halv-intrikat post-punk med ein dæsj melankoli frå New York-bandet The National. I familie med band som Interpol, Tindersticks og Television. Tilbyr mørke, slentrande og vidunderlege toner som stig med kvar lytting. Årets nye funn.

Mp3:Cold Girl Fever
Video:Abel
Webside


OkkervilOkkervil River – Black Sheep Boy
Indierock har aldri vært så smuktande som når Okkervil River står med instrumentan. Hujande powerpop-epos møter lange svalande ballader, alltid kledd i ei melodirik språkdrakt. Prøv deg også på bi-bandet Shearwater. Årets mest fornuftige innsats.

Mp3: For Real
Video: It ends with a fall
Webside



Geoff BernerGeoff Berner – Whiskey Rabbi
Trekkspel-punk er din nye favorittsjanger? Då kan canadiske Geoff Berner være verdt å sjekke ut. Denne omreisande trubaduren har alltid ei grov historie på lur, alltid eit stort glas whiskey i neven, og er alltid klar for å trekke i bælgen for den som går forbi. Definitivt best på scena, men denne skiva er likevel genial etter alle standarder. Årets minst edruelege.

Mp3: Whiskey Rabbi
Video: Light Enough To Travel
Webside

EitsExplosions In The Sky – The Rescue
Finnast det kongar av pompøs, melankolsk og skjør post-rock må det definitivt være Texas-gjengen i Explosions In The Sky. The Rescue er er ei reise gjennom ulike sinnstemningar, alltid draumande og vennleg i uttrykket og med det ypperste innanfor harmoniske gitarkaskader. Ikkje hør på våset mitt, kjøp heller plata. Årets late søvn

Mp3: Memorial
Webside



MagnoliaMagnolia Electric Co - Trials & Errors
Heftig livekonsert frå Brüssel dokumentert på plate. Få artistar vokal-tryller som Jason Molina. Magnolia Electric Co. leverer snasen sørstatsrock av tidlaust kaliber. Som vanleg takk til Neil Young for opplagt inspirasjon. Websida har massevis av nedlastbare konsertar, fyr ned. Årets nye Songs:Ohia.

Mp3: The Dark Don't Hide It
Webside



Broken familyThe Broken Family Band - Welcome Home Loser
Frå hjerteskjærande countryviser i Hank Williams-ånd, gjennom lekker skranglepop til humørfyllt bluegrass; The Broken Family Band er det mest tøysete bandet det er vits å høyre på. Stikkord: cowboy-vokal, trommevispning, allsangvennlege melodiar, klukkande banjo og generelt harry stemning. Årets fyreplate.

Mp3: Honest Man's Blues
Webside

Mt ZionA Silver Mt. Zion - Horses in the sky
Apocalypse Now! Montreal-kollektivet A Silver Mt. Zion & The Tra-la-la-band manar fram skumle dommedagstemningar med eit arsenal av instrument. Virkeleg ein filharmonisk njutelse dette. Dystre, skjærande gitarar, gotisk strengspeling, og progressive trommetrusslar skaper ein deilig midtøsten-feel. Sært og smått utilgjengeleg, akkurat det du ønskar deg til jul. Årets etniske bidrag.

Mp3: God Bless Our Dead Marines
Webside (ei slags)

Silver ScreenSilver Screen – Greatest story never told
Og pop`en var naturlegvis ikkje død. Med sin gitar/synth-baserte stil tilbyr Silver Screen vennlege melodiar til pophjertene. Ein vegg av søte toner skaper eit perfekt lydbilde. Musikk for den lystige romantikar. Årets mest spelte plate på lesesalen.

Mp3: Like A Winter Day




CalexicoCalexico & Iron and Wine – In The Reins
Varm ørkenrock møter lavmælt Americana, kombinasjonen er fantastisk. In the mood for litt hot jazz? Sumpblues? Eller kva med spansk-aktig countryrock, svingande trompetar eller ein dæsj med opera? In The Reins lovar masse og tilbyr alt. Nyleg utgjeven skive, men utvilsomt fortjener den plassen på lista. Årets mest vellukka fusjon.

Mp3: Sixteen, Maybe Less