Little Britain
Den britiske humoren kan ofte være slitsom. Enkelte ganger blir den for sofistikert, snobbete og tørr, andre ganger for vulgær, explisitt og stygg. Spør du meg, er den beste humoren den som klarer å kombinere desse ytterpunkta, utan å gå til det ekstreme i nokon av endane. Og ja, Monty Python har så definitivt klart dette før.
Men i dag er det tv-serien Little Britain som er det nye store. I alle fall for denne karen, som i løpet av helga har hiksta, harka og humra seg gjennom den komplette opningssesongen av showet. Komi-duoen Matt Lucas og David Walliams presenterar i Little Britain ein rekkje ulike karakterar i Storbritania, alle med meir eller mindre eksentriske trekk. Ta for eksempel overvektige Daffyd, den jomfruelege walisiske landsby-homsen som sprader rundt i tettsittande lærantrekk og proklamerer at han er den einaste homsen på mils avstand. Så har vi den totalt usmakelege tenåringsjenta Vicky Pollard som uten skrupler urinerer i svømmebassenget på skulen, prøver å bytte bort babyen sin for den nye Westlife-skivä og gjer livet surt for engelsklæraren med sine hatske fjortis-betraktningar. Ein annan hysterisk karakter er rullestolbrukande Lou, ein fyr som er frisk som ein fisk, men som av rein egoisme og i downs-inspirert ondskap, gjer sitt beste for å plage kompisen Andy med sine idiotiske fritidsønsker. I serien møter vi og den den sære skotske hotelleigaren Ray McCooney som klenger seg på gjestane, den rustne hypnotisøren Kenny Craig som prøver å snike seg unna restaurantrekningar gjennom hypnotisering, slankeklubben Fatfighters under ledelse av udugelege Marjorie Dawes, sjølvsagt totalt blind for eigen vekt, den androgyne mannen Emily Howard som ikkje blir tatt på alvor som "lady" og den håplaust forelska sekretæren Sebastian som prøver å forføre den engelske statsministeren. Eit underhaldande show med andre ord.
Riktignok er ikkje dette ein nyheit, men denne bloggen er då heller ikkje kjent for å være særleg oppdatert. Nrk2 har visstnok sendt denne serien sidan august, men det har sanneleg gått meg hus forbi. Har du sett denne serien før elskar du den sikkert. Har du ikkje sett den kan du benke deg framfor tven klokka 20.55 i kveld då Nrk2 sparkar i gang episode 3 av første sesongen. Til neste gang, adjø venner.
<< Home |