<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe", messageHandlersFilter: gapi.iframes.CROSS_ORIGIN_IFRAMES_FILTER, messageHandlers: { 'blogger-ping': function() {} } }); } }); </script>

Wednesday, December 14, 2005

Kameleonen og Meg

handtrykk(Reposting av ei tidlegare historie som fikk plass på min gamle blogg, frå den gangen det var litt sjarme å spore i skriveriane)

Lett sjanglande på livets landeveg kjem eg bortover Møhlenpris sine vakre gater. Dagen nærmar seg sin tredje time og våren daskar forsiktig borti mitt ansikt med hjelp av sin følgesvenn: den kalde brisen. Gata er lang i dag, omkring 300 meter med rett strekning vil eg tippe. Som det målretta mennesket eg er har reiseruta blitt lagt i god tid før avreise frå Stormsgate 5. Alt er altså såre vel. Men så skjer det ein heller triviell episode som i ettertid kan seiast å ha endra mi livsoppfatning og muligens gjort meg til eit betre menneske. Langt borte i synningom ser eg vedkommande komme mot meg. Han er sjanglande som meg, syngande som meg, litt liten og kraftig som meg og beveger seg med slappe skritt i mi retning. Eg bestemte meg på forhand å gi han eit likegyldig blikk, eit blikk som liksom skulle uttrykke "ja vel, vi er født på same klode, men eigentlig betyr du ingenting for meg så berre gå vidare du". Medan eg fortsatte med mi antagonistiske tankerekke ser eg plutselig at vedkommande strekk handa ut frå kroppen sin. Fortsatt beveg vi oss i same målretta tempo. Kanskje er vi 20 meter frå kvarandre, muligens mindre. Poenget er likevel at denne ukjente karen gir meg ingen val: enten trekk han høgrearmen tilbake eller så blir det heftig slåssing der den eine parten slår (han) og den parten lar seg bli slått (meg). Dilemmaet er til å ta og føle på. Men kva er det som skjer?

Plutselig og heilt ubevisst frå mi side strekk eg mi venstre hand ut. Ikkje som ein truande bevegelse, men det som eg i etterkant har omtala som mitt kamelonske indre. I brøkdelane av eit sekund berørar våre handflater forsiktig kvarandre i ein slags audmjuk helsing som ein elles kun forventar av ein undersått i sitt møte med den ondskapsfulle Kong Ferdinand. Etter å ha berørt eit av menneskets skitnaste kroppsdelar forsvinn vi vidare inn i vårens lune nattetimar utan å veksle eit ord med kvarandre og utan å snu oss tilbake. Møtet er fullbyrda. Kva var det så dette møtet i natta kan fortelje oss?

For det første må eg seie eit par ord om kva det ikkje var. Av enkelte infantile kompisar har dette blitt omtalt som ein sår homo-erotisk oppleving som egnar seg best seg på trykk i pornografiske medium under spalta "leseren forteller". Tåpelig forslag utan tvil, fordi dette strekk seg langt over seksuelle legningar og preferansar, noko eg er fullstendig likegyldig til. (psst, eg er hetero!) Møtet var derimot eit bevis på mellommenneskelige aspekt som knyttar oss saman som medmenneske og som gjer det mulig for oss å fungere rimelig greit i samspan med andre individ. Dette usynelige fellesskap mellom menneske av ukjent opphav (og ikkje berre fellesskap gjennom blodsband eller kameratskap) gir meg håp for framtida. For ein gangs skuld er det ein ektefølt kjensle som renn gjennom meg og ikkje tom ironisk språkakrobatikk innrulla i oppbrukte klisjear. Slike kjensler er altfor fullkomne til å formulerast gjennom språkets faste regelverk og burde difor ikkje bli publisert som blogginnlegg. Sidan det er umulig for meg å gjengi slike kjensler på ein rettferdig måte henvendar eg meg difor til lesaren sin nostalgiske sans. Tenk på smaken av din aller første iskrem, lyden av barne-tv for dei minste, eller den velduftande aroma som tilhøyrte din første kjæraste (og igjen dette er ikkje ein erotisk skvalder). Då kan du kanskje førestille meg den gleda eg følte over eit enkelt handtrykk denne brisne vårnatta.

Kva er så denne teorien om mennesket og kameleonen spør du kanskje. Her kjem te-skjei versjonen. Mi vitskapelige erkjenning er at mennesket er ein kameleon. Ein kameleon i menneskelig forstand er i følgje definisjonen ein "person som stadig skifter standpunkt etter forholda" Grei definisjon det. Men det "kameleonske" rommar så masse meir enn eit koldtbord av standpunkt som vi nyttar oss av i forskjellige situasjonar. Definisjonen er også for negativ då den gir meg assosiasjonar til kald og kynisk opportunisme og ikkje klarer å gripe det positive aspektet ved kameleonen. Kameleonen er nemlig ein svært hyggelig person å ha rundt seg skal du vite.

Tenk deg følgjande. Du er på ein fest med fullt fres. Ingen kristenfolk i sikte. Livet er som ein våt drøm. Du kjem i kontakt med ein person som verkar svært interessert i deg og du siklar etter han/ho. Snart gjer kameleonen sitt inntog og dykk startar å kopiere bevegelsane til kvarandre. Ein enkel handbevegelse, lav eller høglydt latter, løfting av augebryn, ein sjarmerande hiksting, hårfikling osv.. Her har vi to personar som delar ein oppleving av unison samansveising. Om begge får oppfylt sine ønskjer for kvelden er eigentlig ikkje so viktig. Det interessante sett frå eit vitskapelig synspunkt er at kameleonen er din venn i slike situasjonar.

Tenk deg så at du ikkje får napp hos vedkommande (viss det var det du ville). På veg heimover møter du ein rekke personar som kjem gåande mot deg. Enkelte har muligens fått litt masse alkohol i kroppen (teorien er ikkje gyldig for personar i ekstremt rusa tilstand), andre kjem frå kinoens dunkle sal (teorien er ikkje gyldig for personar som er utsatt for usannsynnelig mange sanseinntrykk på ein gang), medan andre kjem gåande frå heilt andre plassar. Desse siste er vår målgruppe. Har ikkje du enkelte gangar tatt deg i å kopiere ansiktuttrykk frå tilfeldige forbipasserande, utan å vite kvifor det skjer? Muligens føler du deg litt rar og lurer på om den andre personen la merke til at du kopierte uttrykket deira. Det artige er at ein ofte observerar at sjølv sure og nedtrykte menn og kvinner blir smitta av eit vakkert smil. (smil smittar bla bla) Men endå betre er det når sprudlande folk møter eit bittert steinansikt og plutselig blir tvinga til å la smilet falle til fordel for eit ansikt som uttrykker det motsette av livsglede. Ahh, ein må le litt.