<body><script type="text/javascript"> function setAttributeOnload(object, attribute, val) { if(window.addEventListener) { window.addEventListener('load', function(){ object[attribute] = val; }, false); } else { window.attachEvent('onload', function(){ object[attribute] = val; }); } } </script> <div id="navbar-iframe-container"></div> <script type="text/javascript" src="https://apis.google.com/js/platform.js"></script> <script type="text/javascript"> gapi.load("gapi.iframes:gapi.iframes.style.bubble", function() { if (gapi.iframes && gapi.iframes.getContext) { gapi.iframes.getContext().openChild({ url: 'https://www.blogger.com/navbar.g?targetBlogID\x3d9037016\x26blogName\x3dSofa-perspektiv+p%C3%A5+trashkultur+og+kul...\x26publishMode\x3dPUBLISH_MODE_BLOGSPOT\x26navbarType\x3dBLUE\x26layoutType\x3dCLASSIC\x26searchRoot\x3dhttps://antibiotikum.blogspot.com/search\x26blogLocale\x3den_US\x26v\x3d2\x26homepageUrl\x3dhttp://antibiotikum.blogspot.com/\x26vt\x3d3873459591792288559', where: document.getElementById("navbar-iframe-container"), id: "navbar-iframe" }); } }); </script>

Wednesday, June 11, 2008

Kveldsteater

Mandag tok eg, Linn og sakkebass banen opp på Fløyfjellet for å overvære litt out-door-action teater i styggværet. Forestillinga var Three kinds of fire der forfattar og skodis Ingvill Skjold Thorkildsen på eigen hånd dramatiserer paralelle historier som foregår under den store bybrannen i Bergen i 1916.

Uheldig nok kom stykket til å bli i overkant aktualisert gjennom det som skjedde tidlegare på ettermiddagen, men det var nok neppe det som var grunnen til at ikkje hordene av teaterfans eller nederlandske turistar kom turande.

Oppmøtet på premieredagen var då også ...ehh... heller skralt og løfter du ei hand framfor augo kan du telle antall besøkande om du beveg deg frå tommel til lillefing. At markedsføringa i forkant av stykket altså ikkje var god nok skjønner vel alle, men stykket i seg sjølv var såpass bra at det hadde fortjent større oppmøte. Kanskje er eg i overkant begeistra for konfliktfylte familiedrama med enkel scenedekor og dirrande dramatikk (aaaah...gje meg mi dose Harold Pinter), men det spørgast om ikkje fleire også ville hatt interesse for Three kinds of Fire. Om dei berre visste at det eksisterte.

Så rull deg inn i varme klær og nyt eit stykke kveldsteater på Fløyen. For dramatisk effekt velger du gjerne ein stemningsrik gråværsdag med smoggete og hutrande omgjevnader. Thorkildsen står jo uansett der oppe kvar mandag til fredag til og med 4.juli, og det hadde vert synd om det kun var skogsdyra som skulle nyte godt av slik eit godt stykke bergensk kulturhistorie.