Har desken drukke?
Eller har Frp-Røssland havna på kjøret? Ikkje godt å vite.
Vel, det er på tide med eit aldri så lite comeback her for å lede merksemda mot ein enormt gripande, sår og vakker artikkel som stod på trykk i Aftenposten rett etter påske.
Som illustrert under den heller dårlige snutten Angstblogging, kan for mange halvtenkte idear innabords gjere ein stakkars sau i sepia motlaus. Det har blitt for mange oppsamla linkar med andre ord. Linkar som skulle danne utgangspunkt for nye bloggpostar, men som derimot har støva bort i det altslukande folder-beistet katalogisert som "Tja, er dette gøy? (eventuelle bloggeting i framtida)". Unødvendig å seie; lista har blitt så altfor lang og frykten for å opne denne mappa igjen desto større.

Bestefar står smilende klar med håndtrykket som jeg vet inneholder en hundrelapp og ønsker lykke til med alle mine planer og fremtidstanker. Samtalen løper over de samme historiene fra min barndom, sklir inn på sommerens meteorologiske forhold og avsluttes med highlights fra slektas sykdomssituasjon (Inkognito)
Ein mail har blitt sendt rundt til alle studentar på Infomedia. Den er frå Microsoft og oppfordrar alle jenter i Bergen til å bruke ein del av kvinnedagen på Zachariasbryggen. På bryggen vil det i anleiing dagen bli holdt eit Xbox360-arrangement (Xbox on Wheels) der tjeiorna skal få lov til vise kva dei er gode for i bilspelet Project Gotham Racing 3. Den flinkaste jenta vil stikke av med ein flunkande ny Xbox 360. Gutter og menn som ynskjer det kan bli med på arrangementet, men får på ingen måte lov til å delta i sjølve konkurransen. På denne måten ønsker Microsoft å ta denne internasjonale kampdagen på alvor. Give the ladies some presanger, med andre ord. Snubla over ein stilig Simpsons-intro der teikningane er bytta ut med ekte personar og omgivnader. Introen er komponert av dei faste Simpsons-folka og vil nok bli nytta i ei framtidig episode av serien.

Som liten pjokk hadde eg ein stadig tilbakevendande fantasi. Idèen var å filme meg sjølv medan eg såg meg sjølv bli filma på tv som igjen viste meg sjølv bli filma på ein annan skjerm som igjen viste meg på ein ny tv osv. Eg innbilte meg at dette ville fortone seg som ei liggande egyptisk pyramide; ei pyramide som aldri tok slutt, men som kasta meg evig innover i det hypnotiske djupet av tvens absurde verden som eg aldri ville klare å komme meg ut av. i1277 sendte meg nettopp eit grådig tøft zoome-bilde som på ein måte illustrerar denne naive barndomstanken, og på den andre måten fører den uendeleg masse lenger.
I helga var eg og 3-4 kompisar invitert til eit lite musikk-konsept. Planen var demokratisk og fin. Alle dei involverte skulle treffast på platekompaniet og kjøpe to skiver kvar. Etter innkjøpet skulle vi tusle mot vorspielet der absolutt alle platene ville bli spelt av i stein-saks-papir-kronologi. Årsaken til dette konseptet var at ingen bøller skulle få lov til å dominere kvelden gjennom å legge beslag på cdspelaren. Alle skulle få høre den musikken dei ville. Harmonisk, eller? Natta før vorspielet tok til hadde eg eit fælt mareritt. Eg såg for meg ein kakafoni av svensk symfoni-prog, nederlandsk synth-prog og afrikansk worldmusic-prog. Prog, prog og atter prog, eit verdsleg helvete. Var det det som venta meg? Eg slo meg hardt på truten og bestemte meg likevel for å møte opp og respektere alle musikkvalg som blei tatt. Det var tross alt litt av poenget.
I vårt granneland Sverige har det det siste halvåret pågått eit finurleg musikkprosjekt som så vakkert har blitt titulert "Jävla kritiker". Ideen bak prosjektet var å la ein rekkje prominente svenske kritikarar anmelde låtar som endå ikkje eksisterte. Deretter skulle desse anmeldelsane overleverast til kjente svenske musikantar som fikk i oppdrag å lage låtar som samsvarte med resepsjonen journalistane hadde gitt desse ikkje-eksisterande låtane. Resultatet av prosjektet er ein samle-cd som i dag blir sluppet i Sverige. Vi kjøper så klart ikkje den, men ønsker du å få med deg alle anmeldelsane og gjerne ein kort lytteprøve klikker du deg inn på: http://www.nons.se/javlakritiker/.
Hent fram fotoalbumet og lag ein historisk videocollage akkompagnert av Eric Andersen. Vis at du er kjempeglad i foreldra dine. Tema: Omsorg og glede.Skamlaus løgn så klart. Konseptet blei nok relativt tilfeldig unnfanga mellom dei blodige kampane, a.k.a julemåltid, som utspelte seg heime hos meg i ferien. Med det evige presset hengande over meg om at det snart var tid for både småkaker, julekaker og ekstra store kaker, satte eg i gang med å fotografere gamle bilder. Scanning er for pyser. Resultatet av denne underlege juleaktiviteten er å finne i linken nedanfor.
Det er ein morgon for ettertanke her på Nygårdshøyden. Meldingar har tikka inn om at Alléhjørnet, denne deilige og ærverdige nærbutikken som driv bistandshjelp ovanfor studentar uten matpakke, er inne i sin siste månad. Butikken, som i 70 år har blitt styrt med blid hånd av familien Drageset, må av finansielle hensyn ta sine siste åretak i slutten av januar. Alléhjørnet blir etter alt å dømme erstatta av den upersonlege snack-pack-kjeda som egnar seg best for fulle menn og freidige frøkener; med andre ord 7-Eleven. Tanken åleine får eit hav av vemod og gretne tankar til å flomme over meg. Høyden er eit tradisjonsrikt område og nærbutikken er prikken over i-en som gjer det så fornøyeleg å spankulere rundt her. Jaja, kanskje var ikkje dei grønne epla alltid av friskaste sort. Kanskje var bagetten litt tørr og kjedelig eller det generelle utvalet ganske sparsommeleg. Men bak disken kunne ein garantere at der var behjelpelege og yrkestolte menneske som med sitt gode humør ville gjere regnfulle dagar litt betre for oss alle.